Studieplan for BAHF-FRAN Fransk, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i fransk
Omfang og studiepoeng
Studiet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Fulltid/deltid
Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.
Undervisningsspråk
Fransk og norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Bachelorstudium i fransk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i fransk språk og franskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein skaffa seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg fransk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet.
Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet.
På 100-nivå høyrer det òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar i fransk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt fransk-norsk
- har god innsikt i det franske språksystemet og ei god forståing og meistring av eit språkvitskapleg omgrepsapparat
- har basiskunnskap om fransk historie og frankofoni
- har god kjennskap til det franske samfunnet i dag
- kan sjå aspekt ved franske samfunnstilhøve og historie i samanheng med europeisk kultur
- har god innsikt i dei litterære pensumtekstane og den kulturelle konteksten deira
- har grunnleggjande kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i ulike sjangrar
- har basiskunnskapar i litterær teori
Ferdigheiter
Studenten
- kan uttrykkja seg og formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
- er i stand til å nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar
- kan presentera sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
- kan omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og leite fram relevant bakgrunnsmateriale
- kan gjennomføra under rettleiing eit analytisk og kritisk arbeid tilsvarande BA-oppgåva
- kjenner normene for akademisk språkbruk
- har ein overførbar kompetanse i språk, kultur og tekstfortolking som kan nyttast i vidare studier og yrkesliv .
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra studiet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.
Innføringsemne
Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:
EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
FRAN100 (10 stp.) Praktisk fransk: språk, kultur, litteratur
For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det være ønskjeleg å bytte det ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.
Obligatoriske emne
EX.PHIL. Examen philosophicum, H (10 stp.)
Innføringsemne, anten EXFAC00SK (tilrådd) eller EXFAC00AS, H, (10 stp.)
FRAN120 Fransk grammatikk 1, V (10 stp.)
FRAN121 Fransk grammatikk 2, V (10 stp.)
FRAN122 Innføring i moderne franskspråkleg litteratur, V (10 stp.)
FRAN123 Innføring i franske litterære klassikarar, H (10 stp.)
FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni, H (10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H (10 stp.)
FRAN205 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk, V (15 stp.)
FRAN255 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve, V (15 stp.)
FRAN206 Fordjupning i fransk litteratur, V (15 stp.)
FRAN256 Fordjupning i fransk litteratur med bacheloroppgåve, V (15 stp.)
Studentane vel anten FRAN205 eller FRAN255, anten FRAN206 eller FRAN256. Av disse fire emna må ein velje minst eitt emne med bacheloroppgåve (FRAN255 og/eller FRAN256).
Spesialisering
FRAN120 Fransk grammatikk 1, V (10 stp.)
FRAN121 Fransk grammatikk 2, V (10 stp.)
FRAN122 Innføring i moderne franskspråkleg litteratur, V (10 stp.)
FRAN123 Innføring i franske litterære klassikarar, H (10 stp.)
FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni, H (10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H (10 stp.)
FRAN205 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk, V (15 stp.)
FRAN255 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve, V (15 stp.)
FRAN206 Fordjupning i fransk litteratur, V (15 stp.)
FRAN256 Fordjupning i fransk litteratur med bacheloroppgåve, V (15 stp.)
Studentane vel anten FRAN205 eller FRAN255, anten FRAN206 eller FRAN256. Av disse fire emna må ein velje minst eitt emne med bacheloroppgåve (FRAN255 og/eller FRAN256).
Tilrådde valemne
I tillegg til ex.phil., innføringsemne, og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet FRAN100 (Praktisk fransk: språk, kultur, litteratur) reknast med i dei frie studiepoenga.
I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Bachelorstudentar i fransk kan ha nytte av å ta frie emne i andre språk-, litteratur- og kulturfag med overføringsverdi for spesialiseringa. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (haust)
EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
FRAN100 Praktisk fransk: språk, kultur, litteratur (10 stp.)
2. semester (vår)
FRAN120 Fransk grammatikk 1 (10 stp.)
FRAN121 Fransk grammatikk 2 (10 stp.)
FRAN122 Innføring i moderne franskspråkleg litteratur (10 stp.)
3. semester (haust)
FRAN123 Innføring i franske litterære klassiskarar (10 stp.)
FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni (10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 stp.)
4. semester (vår)
For å oppretthalde kontinuitet i franskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.
FRAN205 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk, V (15 stp.)
FRAN255 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve, V (15 stp.)
FRAN206 Fordjupning i fransk litteratur, V (15 stp.)
FRAN256 Fordjupning i fransk litteratur med bacheloroppgåve, V (15 stp.)
Studentane vel anten FRAN205 eller FRAN255, anten FRAN206 eller FRAN256. Av disse fire emna må ein velje minst eitt emne med bacheloroppgåve (FRAN255 og/eller FRAN256).
5. semester (haust)
Valfrie emne
6. semester (vår)
Valfrie emne
Delstudium i utlandet
Eit utvekslingsopphald ved eit franskspråkleg universitet er ein forventa og fagleg tilrådd del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte eller sjette semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år.
Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/BAHF-FRAN Det blir gitt informasjon om utvekslingsopphaldet gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.
Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.
Arbeids- og undervisningsformer
Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.
Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.
I vårsemesteret vert det organisert eit firevekers kurs i praktisk fransk ved Det fransk-norske universitetssenteret i Caen, Normandie. Studentane får tilbud om å bu i vertsfamiliar. Kurset er gratis, men studentane betalar reise og opphald sjølve.
For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Vurderingsformer
Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.
Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.
For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i fransk ved UiB.
Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED
Relevans for arbeidsliv
Ein bachelorgrad i fransk er relevant for arbeid innan skule og utdanning, kultur, media og kommunikasjon. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å arbeide med ulike typar kunnskaps- og kulturformidling og er etterspurd i offentleg og privat sektor, til dømes i turist- og eksportnæringen, i utenrikstenesten og i internasjonale organisasjonar.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Tlf 55 58 93 70