Kunsthistorie (bachelor)

På kunsthistorie lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Hovedfokus er på den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.

Kva lærer du?

Korleis kan vi bruke kunstverk, fotografiar, arkitektur eller kunsthandverk som inngang til å forstå historia? Korleis kan religiøs kunst fortolkast? Korleis har antikkens kunst og arkitektur prega vestleg kunsthistorie? Kvifor opplever vi symmetri som vakkert? Kva rolle har kunstverk i dagens samfunn, og korleis kan kunstverk endre framtida?

På bachelorprogrammet i kunsthistorie undersøker vi kunstverk og kunsthistoriske problemstillingar gjennom historiske, analytiske, kritiske og teoretiske tilnærmingar. 

Med ein bachelorgrad i kunsthistorie

  • har du god oversikt over vestleg kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frå antikken og fram til i dag
  • kan du formidle sentralt kunsthistorisk fagstoff skriftleg og munnleg 
  • har du innsikt i etiske spørsmål innan kunsthistorisk forsking, formidling, museumsarbeid, kulturminneforvaltning og i kunstformidlingsintitusjonar
Studiekvardag

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit fulltidsstudium. Ei veke kan innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ekskursjonar og sjølvstudium. I mange av emna går vi på museum, kunstutstillingar og på byvandring for å utforske faget, i ein av dei aller mest aktive kunstbyane i Noreg. Eit aktivt studentmiljø arrangerer dessutan filmkveldar, lesegrupper og mykje anna.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Kva kan du jobbe som?

Kunnskap om kunstens historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling er etterspurt i museum og av etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø. Den er òg etterspurt av etatar som arbeider med byutvikling, og av turistnæringa.  

Det å kunne sjå kritisk på og reflektere over visuelle medium i historisk perspektiv er nyttig dersom ein driv med marknadsføring og reklame, undervisning  eller kulturforvaltning.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit treårig studium, som startar i august. Studiet kan sjå slik ut:   

1. semester   

Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)  

Akademisk skriving eller Språkkunnskap (10 studiepoeng)  

Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 studiepoeng) 

2. semester 

Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder (15 studiepoeng) 

Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950 (15 studiepoeng) 

3. semester

Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk (15 studiepoeng) 

Kunst, arkitektur og visuell kultur frå 1950 til i dag (15 studiepoeng) 

4.-5. semester

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)  

6. semester

Spesialiseringsemne med bacheloroppgåve  (30 studiepoeng) 

Utveksling

Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie emne. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein bachelorgrad i kunsthistorie kan du søke opptak til masterprogram i kunsthistorie, og fordjupe deg meir i faget.  

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kunsthistorie