
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Milliardar av menneske identifiserer seg med ein religion. Dei religiøse handlingane og verdinormene speler ei nøkkelrolle i forståinga av kulturar. Dette studiet gir deg nyansert og nyttig innsikt i ulike religiøse tradisjonar og samfunn. Tilnærminga er samanliknande og religiøst nøytral.
Du får kunnskap om det religiøse mangfaldet som er viktig for å forstå både verda vi lever i og historia vår. Vi møter på religion i alt frå kunst og underhaldning til politikk, økonomi, krigføring og klimakrise.
I studiet får du kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i ulike samfunn. Du lærer å forstå menneskeleg åtferd både frå fortida og i samtida. Du får òg innsikt som set deg i stand til å drøfte kritiske spørsmål om religion og kultur.
Nokre av spørsmåla vi studerer er:
Bachelorprogrammet i religionsvitskap er eit studium på fulltid. Ei typisk veke vil innehalde både forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og pensum er på både norsk og engelsk. Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. I tillegg kjem sjølvstudium, aleine eller i kollokviegrupper saman med medstudentar.
Hos oss vil du møte engasjerte forelesarar med ei stor fagleg breidde. Fagmiljøet vårt har nasjonal og internasjonal spisskompetanse i ei rekke forskingsfelt.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
På dette studiet lærer du om samhandling mellom ulike kulturar. Du får større forståing for det fleirkulturelle samfunnet og menneske med ulike bakgrunnar, noko som gir ein viktig kompetanse i arbeidslivet.
Noko av det du kan arbeide innan er:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Bachelorstudiet i religionsvitskap kan sjå slik ut:
1. semester
Ex.phil. Vel enten seminarmodell eller skolemodell (10 studiepoeng)
Vel enten akademisk skriving eller språkkunnskap (10 studiepoeng)
Religion, kultur og samfunn (10 studiepoeng)
2. semester
Kva er religionsvitskap? (15 studiepoeng)
Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion (15 studiepoeng)
3. semester
Kristendommen, jødedommen og islam (15 studiepoeng)
Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar (15 studiepoeng)
4. semester
Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap (15 studiepoeng)
Valfritt emne i religionsvitskap (15 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Studieprogrammet er under revisjon og emnesamansettinga kan endre seg til opptak haust 2024.
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Det er lagt til rette for utvekslingsopphald på eitt eller to semester.
UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar religionsvitskap kan det for eksempel vere interessant å reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Nederland, Tysklandog Storbritannia.
Etter bachelorprogrammet kan du ta ein toårig master i religionsvitskap ved UiB. Med master i religionsvitskap og eit årsstudium i eit anna skolefag kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning. Då kan du jobbe som lærar i ungdomsskole og vidaregåande skole.
Du kan òg gå vidare med forsking på religionsfeltet. Ein mastergrad gjer deg kvalifisert til å søke på doktorgradsstipendiatstillingar.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.