
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Spansk språk og latinamerikastudium ved UiB er eit områdestudium med like stor vekt på historie som på språk og litteratur. Det er difor unikt i Noreg. Studiet passar altså for deg som har interesse for både spansk språk og latinamerikansk litteratur, historie og kulturkunnskap.
På bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium får du tid til å studere ulike samfunnsaktuelle tema frå Latin-Amerika:
Du utviklar evne til å arbeida sjølvstendig med faglege problemstillingar. Samtidig utviklar du kompetanse til å forstå og bruke moderne spansk språk både munnleg og skriftleg.
All undervisning går føre seg på spansk. Difor anbefaler vi søkarar å ha eit språknivå på minimum A2 (jf. CEFR).
Dette er eit fulltidsstudium. I studietida vil du møte ulike undervisningsformer, forelesingar, filmvisningar, seminar- og gruppearbeid, individuell rettleiing og sjølvstudium. Studiet inkluderer også ulike typar av undervisningsaktivitetar, som presentasjonar, arbeid med øvingsoppgåver, podcast og gruppe- og prosjektarbeid (bacheloroppgåva).
Som student vil du arbeide med faget i forkant av forelesingar og seminar. Då vert du meir aktiv i undervisninga, og vil truleg meistre og lære meir.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Internasjonalt samarbeid skaper aukande etterspørsel etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesområde kan følgande nemnast:
I programmet får du vidareutvikla evna til kritisk tenking, problemløysing, systematisering og analyse av fagstoff, samt erfaring i formidlings- og tekstarbeid.
Les intervju med tidlegare studentarDu må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk and spansk
All undervisning går føre seg på spansk. Difor anbefaler vi søkarar å ha eit språknivå på minimum A2 (jf. CEFR).
1. semester
Examen philosophicum (10 studiepoeng)
Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Introduksjon til spansk og latinamerikastudium (10 studiepoeng)
2. semester
Spansk grammatikk I (10 studiepoeng)
Latinamerikansk litteratur og kultur I (10 studiepoeng)
Latinamerikansk historie (10 studiepoeng)
3. semester
Spansk II (10 studiepoeng)
Latinamerikansk litteratur og kultur II (10 studiepoeng)
Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 studiepoeng)
4. semester
Studentane skal skrive ei bacheloroppgåve (10 studiepoeng) og vel eitt tema innan ein av desse disiplinane:
Det er også krav til fagleg fordjuping i dei to andre disiplinane. Difor må studenten velje to av desse tre emna:
Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar (10 studiepoeng)
Fordjuping i latinamerikansk litteratur (10 studiepoeng)
Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (10 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Du kan for eksempel reise til Mexico, Costa Rica, Peru, Chile, Argentina og Spania. Dei fleste vel å dra på utveksling femte og/eller sjette semester. Du kan også reise ut tidlegare i studiet.
Etter bachelorgraden kan du gå videre til masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium. Med ein mastergrad aukar du moglegheitene for å få ein relevant jobb, og du får spesialisere deg innanfor interesseområda dine.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium