Språkvitskap (bachelor)

Vi menneske tar ofte språkevna vår for gitt, men ho gir oss mange overraskande eigenskapar. Språk gjer det mogleg å diskutere ting som finst, men også alt som ikkje finst. Med språk kan vi fortelje kva som har skjedd, kva som skjer og kva som kan skje, og overføre kunnskap mellom generasjonar.

Kva lærer du?

Språkvitskap er studiet av språk, språkstruktur, korleis vi bruker språk og korleis språk varierer i tid og rom. Som student på språkvitskap får du kunnskap om lydsystem (fonologi), orddanning og ordbøying (morfologi), setningsbygging (syntaks) og meiningslære (semantikk).

Du lærer å nytte språkvitskapleg kunnskap og forsking, og du får innsyn i etiske problemstillingar innan språkvitskapen.

Du får lære korleis du kan beskrive ulike språk, og lære eit språk som står fjernt frå norsk. Du får òg ei innføring i korleis språk kan analyserast automatisk.  

Studiekvardag

I tillegg til sjølvstudium vil ei typisk veke innehalde forelesingar, seminargrupper, dataprogrammering, eksperiment og praktiske øvingar. Undervisninga og litteraturen er på både engelsk og norsk. Det er om lag 12-14 timar undervisning og øvingar i veka.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.  

På dette studiet kan du få god og personleg kontakt med fagmiljøa. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet. 

Kva kan du jobbe som?

Språkvitskap gir eit godt grunnlag for å arbeide med språk. Å kunne jobbe systematisk og få innsikt i strukturar og reglar er kompetanse som mange arbeidsgjevarar treng. I ei fleirkulturell verd er det stort behov for blant anna omsetting av dokument og språklæring. Kandidatar som har studert språk kan bidra med mykje innan språkteknologi.  

Du kan arbeide med språk i undervisning eller på andre felt der språk står sentralt, for eksempel innan:

  • forlagsverksemd  
  • reklame- og informasjonsarbeid  
  • kommune- eller fylkesforvaltning  
  • ordbokskriving  
  • informasjonsanalyse  
  • terminologisk arbeid
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester    

Språkkunnskap (10 studiepoeng)   

Akademisk skriving (10 studiepoeng)   

Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell  (10 studiepoeng)  

2. semester   

Fonologi (10 studiepoeng)  

Morfologi (10 studiepoeng)  

Statistikk for språk- og kognisjonsforsking  (10 studiepoeng) 

3. semester 

Syntaks (10 studiepoeng)  

Semantikk (10 studiepoeng)  

Språk og kognisjon (10 studiepoeng)  

4. semester  

Språk og data (15 studiepoeng)  

Språkvariasjon i tid, rom og samfunn (5 studiepoeng) 

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB (10 studiepoeng) 

5. semester  

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)  

6. semester  

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB (20 studiepoeng) 

Bacheloroppgåve i språkvitskap (10 studiepoeng) 

Studieretningar
Utveksling

Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie emne. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Avhengig av kva du spesialiserer deg i, kan du etter bachelorprogrammet søke opptak til masterprogram i allmenn lingvistikk eller masterprogram i logopedi.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i språkvitenskap