
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Tyskfaget passar for deg som både ønskjer å skaffe deg ferdigheiter i tysk språk på eit høgt nivå og kunnskap om historia, litteraturen og kulturen i dei tyskspråklege landa.
Som tyskstudent jobbar du praktisk med både tysk språk, lingvistikk (språkvitskap) og litteraturvitskap. Vi meiner at du lærer eit språk best ved å bruke det aktivt. Studiet inkluderer mykje obligatorisk undervisning slik at du, saman med medstudentar, får brukt språket. I litteraturdelen av programmet les du mange verk av spennande forfattarar frå 1750 til i dag. I undervisninga diskuterer vi tema knytt til tekstane vi les.
Med ein bachelorgrad i tysk har du:
Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå tyskundervisning på vidaregåande skole.
Bachelorprogrammet i tysk er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium kan ei vanleg veke innehalde forelesingar, seminar, digitale oppgåver og praktiske øvingar. Eit par gongar i semesteret møtest studentar og tilsette til felles lunsj, gjerne med små innslag og aktivitetar.
I andre semester kan du dra på eit tre-vekers studieopphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel. Opphaldet finn stad mellom siste undervisningsveka og eksamen. Her deltar du på ekskursjonar, besøker delstatsparlamentet Landtag og utfører intervju med ein sjølvvald person eller organisasjon. I løpet av studiet får du anledning til å vere minst eitt semester på utveksling ved eit tyskspråkleg universitet.
Som student hos oss har du det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum.
Bachelorstudiet i tysk skjerpar kunnskapane dine i munnleg og skriftleg tysk.
Noko av det som kan vere aktuelt for deg som har ein bachelor i tysk, er:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk and tysk
Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå tyskundervisning på vidaregåande skole.
Bachelorprogrammet i tysk er eit treårig fulltidsstudium. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Studieløpet kan sjå slik ut:
1. semester
Examen Philosophicum (10 studiepoeng)
Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Introduksjon til tyskstudiet (10 studiepoeng)
2. semester
Grunnemne i tysk språk I (10 studiepoeng)
Tyskspråkleg kultur og historie (10 studiepoeng)
Nyare tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)
Undervisninga i delar av Grunnemne i tysk språk og Tyskspråkleg kultur kan du følge ved Universitetet i Kiel.
3. semester
Grunnemne i tysk språk II (10 studiepoeng)
Eldre tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)
Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)
4. semester
Fordjuping i tysk språk (10 studiepoeng)
Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)
Bacheloroppgåve i tysk (10 studiepoeng)
5. semester
Utveksling til eit tyskspråkleg universitet
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Alle studentar på programmet kan dra på utveksling til eit tyskspråkleg universitet. Vi anbefaler at du drar på utveksling i 5. semester, men andre tidspunkt er også mogleg. Du kan vere ute i eitt eller to semester.
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring og språkleg trening.
UiB tilbyr masterprogram i tysk, om du ønsker vidare studium hos oss.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.