Informatikk: Datateknologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær55,8
- Primær46,1
- Plassar66
- OpptakskravMATRS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
I løpet av utdanninga får du
- kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast blir brukt for å utvikle avanserte datasystem
- erfaring med verktøy og teknikkar som blir brukt i moderne systemutvikling
- kjennskap til informatikken sin relevans for og rolle i samfunnet
Studiekvardag
Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.
I løpet av ei vanleg veke på studiet vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.
Kva kan du jobbe som?
Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar innanfor mange ulike bransjar. Typiske jobbar er systemutviklar og IT-konsulent.
Du kan jobbe i
- IT-bransjen
- energi- og oljeindustrien
- konsulentverksemder
- FinTech (finansteknologi)
Opptakskrav og søknadsfrist
Generell studiekompetanse og MATRS:
Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2.
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk: datateknologi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
- Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester
- Databasar og modellering (10 studiepoeng)
- Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
- Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester
- Funksjonell programmering (10 studiepoeng)
- Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
- Innføring i operativsystem (10 studiepoeng)
4. semester
- Programmeringsspråk (10 studiepoeng)
- Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
5. semester
- Programvaresikkerheit (10 studiepoeng)
- Multiprogrammering (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
6. semester
Utveksling
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til eit toårig masterprogram i informatikk eller masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.