Hjem
Utdanning

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Fagfeltet statistikk handlar om prinsippa og metodane for å samla inn og analysere kvantitativ informasjon, og programmet vil gje ei innføring i grunnleggjande metodar og teknikkar innan statistikk og sannsynsrekning. Programmet gjev vidare god kjennskap til matematiske metodar. Analyse og tolking av store mengder data, og forståing av kva som ligg bak tala er sentralt på studiet.

Tal er meir enn berre tal, og gjennom studiet vil studenten bli i stand til å samle inn, tolke og analysere kva som ligg bak tala. Til dømes, stig den globale temperaturen? Kva er effekten av ein ny vaksine? Aukar kraftlinjer sjansen for kreft? Sidan ein viktig del av statistikk handlar om tolkingar av data, og fordi statistikkens metodar er basert på matematikk, er det ein føremon med god forståing av matematiske metodar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan tileigne seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk og statistisk teori som kalkulus, lineær algebra og statistiske metodar
  • kan stille opp generelle modellar for analyse av data med usikkerheit ved hjelp av omgrep frå sannsynsteori
  • kan gjere reie for det teoretiske grunnlaget for sentrale statistiske analysemetodar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke eit vidt spekter av metodar for analyse og modellbygging innan statistikk
  • meistrer klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra
  • meistrer grunnleggjande programmering
  • kan gjennomføre deskriptive analyser av kvantitative data
  • kan bruke kreativ problemløysing i teknisk krevjande materiale

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan oppsøke, kritisk vurdere og anvende statistikk-kunnskap
  • har ferdigheiter i vitskapleg arbeidsmåte, som gjer kandidaten i stand til å formulere seg godt både skriftleg og munnleg
  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe
  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • kan emonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
  • kan tenkje analytisk
  • kan følgje god og etisk praksis for vitskapleg kommunikasjon

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg enten:

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Meir informasjon finn du her: https://www.uib.no/utdanning/48685/opptak-til-grunnstudier-samordna-opptak

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i statistikk er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng, bygd opp av følgjande emne: MAT111 Grunnkurs i matematikk I, INF100 Grunnkurs i programmering, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT131 Differensiallikningar, STAT110 Grunnkurs i statistikk, INF161 Innføring i data science, STAT111 Statistiske metodar og STAT292 Prosjektarbeid i statistikk. I tillegg, må du velgje minst to av emna STAT200 Anvend statistikk, STAT210 Statistisk inferens eller STAT220 Stokastiske prosessar.

Tilrådde valemne

Studentane står fritt når det gjeld val av andre emne, men ein bør velje støttefag med tanke på kva som trengst på arbeidsmarknaden, eller med tanke på fagleg retning på det vidare studiet. Valemne bør veljast i forhold til planlagd masterstudium. Nærare informasjon er å finneunder dei einskilde masterprogramma. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje av emne er gitt i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt krav til forkunnskap eller tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i statistikk er det valt ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for studentane våre. På den måten er det mogleg å få tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som vert integrert i graden.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Vurderingsformer

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet kan være muntlig eller skriftlig eksamen. De fleste emner har også innleveringer av oppgaver gjennom semesteret. Vurderingsformen for hvert emne er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudier innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må studenten oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Statistikk bidreg med heilt naudsynde verkty for ei rekkje ulike bransjar. Innan industrien, helsevesenet, finans og forsikring er behovet for statistikarar og forsikringsmatematikarar store.

Bachelorprogrammet i statistikk leier naturleg til ein mastergrad i statistikk, som finansteori og forsikringsmatematikk, matematisk statistikk eller dataanalyse. Det gir også mogelegheiter til masterstudier i nærliggjande fag. Statistikk er ettertrakta og tidlaus kompetanse som gir mange mogelegheiter. Med ein mastergrad i statistikk vil ein vere svært attraktiv på arbeidsmarknaden, og dei fleste av våre kandidatar har fått jobb innan industri, finans eller forsikring, som til dømes aktuar i forsikringsselskap. Nokre veljer ein forskingskarriere innanfor universitet, høgskule eller medisinske forskingssentra

For å bli faglærar i matematikk på vidaregåande skule krevst det i tillegg eit års studium i Praktisk-pedagogisk utdanning etter bachelor eller master.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalen for informasjon og eksemplar på kva for arbeid ein kan få med denne utdanninga.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar på programmet: Studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34.