Pedagogikk (bachelor)

Vil du vite meir om korleis vi som enkeltpersonar lærer og tileignar oss kunnskap, både på skole, barnehage, jobb og fritid? Då kan pedagogikk vere noko for deg. På pedagogikkstudiet vil du utforske alt frå korleis individa lærer til korleis globale trendar påverkar utviklinga av utdanningssystemet.

Kva lærer du?

På dette studieprogrammet får du ei brei innsikt i lærings- og kunnskapsprosessar, både i skolen, organisasjonar og på arbeidsplassen, frå individnivå til gruppe- og samfunnsnivå.  

Viktige spørsmål innan pedagogikk er: 

  • Kva betydning har utdanning i og for samfunnet?   
  • Kva er sentrale tema innanfor pedagogikk, og korleis har desse utvikla seg over tid?  
  • Korleis kan ein halde seg oppdatert på utviklinga innanfor pedagogikk, og kvifor er dette viktig?  

Med denne graden vil du kunne analysere og reflektere over spørsmål knytt til læring og utdanning. Du vil også utvikle evna til kritisk søking, behandling og vurdering av kunnskap og informasjon. Dette gir deg kunnskapen og verktøya du treng for å planlegge, organisere, gjennomføre, vurdere og forbetre undervisnings- og opplæringsaktiviteter i skolar, bedrifter og organisasjonar.  

Studiekvardag

Studiet er bygt opp av forelesingar, seminar og oppgåver. Ein styrke ved studieprogrammet er mangfaldet i undervisningsmetodar, som er nøye tilpassa eksamensformene i studiet. Opplæring i å skrive fagtekstar er også ein integrert del av undervisninga. Vi legg vekt på studentaktiv forsking, og i bacheloroppgåva får du fridom til å utforske tema og problemstillingar som interesserer deg. 

Den planlagde undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar vi at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan vere lurt å danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentane dine. 

Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12. Der vil du finne lesesalar, undervisningsrom og mer.

Kva kan du jobbe som?

Studiet kvalifiserer deg til arbeid innan opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Du vil kunne bidra konstruktivt gjennom alle steg av ein utviklingsprosess, frå planlegging til utføring og evaluering.  

Pedagogar med universitetsutdanning finn arbeid innan ulike område, til dømes: 

  • ideelle organisasjonar  
  • media   
  • kulturformidling  
  • opplæring og opplæringsleiing 
  • pedagogisk rådgjeving  
  • og i liknande yrke både i offentleg og privat sektor.   

Fellesnemnaren for desse retningane er behovet for innsikt i og forståing av samanhengen mellom læring, kunnskap og kommunikasjon.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 47.6
Primær kvote: 43.5

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Dette er eit treårig fulltidsstudium. Graden er bygt opp av 180 studiepoeng som er fordelt på dei tre kategoriane: Innføringsemne (25 studiepoeng), spesialisering (90 studiepoeng) og valfrie emne (65 studiepoeng).   

Dei valfrie emna kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan, innanfor visse rammar, velje blant alle emne som blir tilbydd på UiB.   

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes. 

1. semester  

PED110 Innføring i pedagogikk (15 studiepoeng) 

PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 studiepoeng) 

2. semester  

PED111 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng) 

PED113 Læring i og for arbeidslivet (15 studiepoeng) 

3.  semester 

PED200 Education in a changing society (15 studiepoeng) 

Valfrie emne (15 studiepoeng)

Anbefalt emne: PED115 Skolens læringsmiljø (15 studiepoeng) 

4. semester  

PED210 Vitskaplege metodar (15 studiepoeng) 

Examen Philosophicum (10 studiepoeng) 

Valfrie emne (5 studiepoeng) 

Anbefalt emne: PED116 Pedagogisk kompetanse (5 studiepoeng) 

5. semester 

Utanlandsopphald eller valfrie emne (30 studiepoeng) 

6. semester  

PED212 Bacheloroppgave i pedagogikk (15 studiepoeng) 

Valfrie emne (15 studiepoeng) 

Utveksling

Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt femte semester og tar ein del av dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.  

Slik går du fram for å reise på utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Bachelorgraden i pedagogikk kvalifiserer deg til å søke ulike masterprogram ved Det psykologiske fakultet:
Pedagogikk
Pedagogikk deltid
Spesialpedagogikk (rangert som 2. prioritet - sjå opptakskrav for nærare beskriving)
Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
Global Development Theory and Practice
Logopedi
Barnevernsarbeid (krev minst eit års relevant yrkeserfaring, sjå opptakskrav)

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i pedagogikk