
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Vil du lære korleis vi kan legge til rette for barn, unge og vaksne med ulike lærevanskar eller funksjonsnedsettingar? Spesialpedagogikk er for deg som vil bidra til eit meir inkluderande samfunn, og utgjere ein forskjell for barn og unge med særlege behov og føresetnader.
På denne bacheloren får du ei brei og fagleg bakgrunn for å kunne legge til rette for menneske med ulike føresetnader for læring og utvikling, inkludert dei som er evnerike og dei med ulike utfordringar eller funksjonsnedsettingar. Du vil lære å identifisere styrkar, utfordringar og hindringar i skole og barnehage som kan påverke deira deltaking i eit inkluderande fellesskap.
Viktige spørsmål er:
I tillegg vil du lære om viktigheita av inkludering, tidleg innsats, kartlegging og ulike former for tilpassa opplæring.
På studiet vil du oppleve ulike undervisningsformer, som forelesingar, seminar, praktiske øvingar og ekskursjonar. Praksisperiodar er også ein viktig del av studiet, der du får ei veke i barnehage og ei veke i grunnskolen for å observere kva som kjenneteiknar livet der.
Den organiserte undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar ein at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan være lurt å danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentar.
For å gå opp til eksamen må du ofte få obligatoriske aktivitetar godkjent. Dette kan inkludere innleveringar, munnlege presentasjonar, gruppearbeid og deltaking i seminar.
Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12.
Ein bachelorgrad i spesialpedagogikk opnar for ulike karrieremoglegheiter innanfor rådgjeving og utviklingsarbeid knytt til mellom anna skule og barnehage. Studiet gir deg kompetanse for jobb i både offentlege og private institusjonar, innanfor område der læring og utvikling hos barn, ungdom og vaksne med særlege behov er viktig, for eksempel i:
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Undervisningsspråk: Norsk
Dette er eit treårig fulltidsstudium. Graden er bygd opp av 180 studiepoeng som er fordelt på dei tre kategoriane: Innføringsemne (25 studiepoeng), spesialisering (110 studiepoeng) og valfrie emne (45 studiepoeng).
Dei valfrie emna kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan, innanfor visse rammar, velje blant alle emne som blir tilbydd på UiB.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes.
1. semester:
SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 studiepoeng)
PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 studiepoeng)
2. semester:
SPED103 Samarbeid rundt funksjonshindra born og unge (10 studiepoeng)
Examen Philosophicum (10 studiepoeng, EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS)
PSYK121 Kognitiv- og utviklingspsykologi (10 studiepoeng)
3. semester:
SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i barnehagen (15 studiepoeng)
Valfrie emne (tilrådd emne PED115 Skulens læringsmiljø, 15 studiepoeng)
4. semester:
PED210 Vitskapelege metodar (15 studiepoeng)
SPED201 Språk, lesing og skriving – utvikling , vanskar og tiltak (15 studiepoeng)
5. semester:
Utanlandsopphald eller valemne (30 stp)
6. semester:
SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 studiepoeng)
SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 studiepoeng)
Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt femte semester og tar ein del av dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.
Slik går du fram for å reise på utveksling.
Med bachelorgraden i spesialpedagogikk er du også kvalifisert til å søke deg videre til ulike masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som:
Spesialpedagogikk
Pedagogikk
Pedagogikk deltid (nettbasert)
Logopedi
Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
Barnevernsarbeid (krev minst eit års relevant yrkeserfaring, sjå opptakskrav for nærmare beskriving)
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.