Studieplan for BASV-AIKI Kunstig intelligens, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i kunstig intelligens
Omfang og studiepoeng
Studiet er treårig (180 studiepoeng)
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Kunstig intelligens er ein fagdisiplin som studerer syntese og analyse av digitale agentar. Ein digital agent er eit program som har evna til å oppføre seg intelligent, sjølv om det kanskje er i svært avgrensa kapasitet. Dei sentrale måla for kunstig intelligens er:
- å konstruere og evaluere hypoteser om korleis ein kan konstruere digitale agentar.
- å designe, byggje og eksperimentere med datasystem som utfører oppgåver som ein ofte tenkjer at krev intelligens.
- å nytte resultata frå det som er nemnt ovanfor til å forbetre funksjonane til eksisterande digitale og robotiske system.
I kunstig intelligens studerer vi tema som læring, kunnskapsrepresentasjon og resonnering, multiagent-system, søk, planleggjing, naturleg språkhandsaming, robotikk og persepsjon.
Læring innan kunstig intelligens dreier seg om korleis ein kan forbetre åtferda til ein digital agent over tid, og korleis vi trekkjer ut ny kunnskap frå data.
Kunnskapsrepresentasjon dreier seg om korleis informasjon som ein gjev i ei form forståeleg for menneske, til dømes tekst, bilete, lyd etc. kan vere representert i ei maskinforståeleg form, til dømes logikk, binær kode, programmeringsspråk etc. Automatisk resonnering studerer korleis ein kan byggje algoritmar som løyser problem og ta avgjerder ved bruk av informasjon og kunnskap representert i ei maskinforståeleg form.
Multiagent-system dreier seg om modellering av kunstige agentar, einingar som er i stand til å oppfatte inntrykk frå omgivnadane, forme og forfølgje måla sine og samhandle med miljøet, som òg kan bestå av andre agentar. Feltet handlar både om modellering og simulering av interaksjon mellom agentar.
Søk og planlegging er to felt som handlar om intelligent problemløysing, korleis ein kan nå mål og korleis ein utviklar algoritmar som lager ein plan for å oppnå eit mål ut frå evnene, miljøavgrensingane, og ressursavgrensingane til agenten.
Naturlig språkhandsaming er spesielt opptatt av maskinforståing og manipulering av naturlege språk.
Persepsjon dreier seg om å utvikle evna som ein digital agent har til å observere omgjevnadene sine. Ei av utfordingane handlar om korleis ein digital agent kan identifisere objekt i den verkelege verda (til dømes via video-, lyd- eller billeteopptak) og om tilhøva mellom desse objekta.
Robotikk dreier seg om å byggje intelligente fysiske agentar og forbetre moglegheitane til dei eksisterande maskinane. Desse inkluderer både industrirobotar, husholdningsrobotar, autonome kjøretøy og autonome system generelt.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
- har brei teoretisk forståing av korleis kunstig intelligens-støtta system (AI-system) fungerer og er konstruerte.
- forstår korleis ein programmerer og eksperimenterer med AI-system ved hjelp av metodar frå maskinlæring, symbolsk resonnering og algoritme-analyse.
- forstår korleis tekniske kunstig intelligens-løysingar kan ha etisk relevans for samfunn og individ.
Ferdigheiter
- kan programmere nye kunstig intelligens-system og eksperimentere med eksisterande system
- kan analysere, beskrive og løyse problem ved å nytte kunstig intelligens-metodar
- kan evaluere eit kunstig intelligens-system med omsyn til i kor stor grad det kan gjerast ansvarleg, er transparent og kan ta balanserte avgjerder.
- kan forklare kunstig intelligens-teori til ikkje-fagpersonar
Generell kompetanse
- kan bidra som IKT-systemutviklar i ulike typar roller, i eit spenn som omfattar alt frå kommunikasjon med brukarane til avansert teknisk utvikling
- kan samarbeide i gruppe- og prosjektarbeid
- kan utarbeide skriftlege rapportar og dokumentasjon og gje munnleg presentasjon av eiget arbeid
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MATRS (R1 eller S1+S2)
Innføringsemne
AIKI100 er obligatorisk innføringsemne i bachelorgraden i kunstig intelligens.
Obligatoriske emne
Bachelorgraden i kunstig intelligens er eit særskilt tilrettelagt studieprogram med ei normert studietid på tre år, tilsvarande 180 studiepoeng. Alle emna i programmet er obligatoriske, og studentane bør ta dei i den rekkefølgja som er bestemt av programstyret for kunstig intelligens.
Graden består av følgjande emne som alle er obligatoriske (talet på studiepoeng i parentes):
1. semester, haust:
- AIKI100 Innføring i kunstig intelligens (10 stp)
- INFO132 Innføring i programmering (10 stp)
- MAT105 Matematikk for naturvitskap (10 stp)
2. semester, vår:
- AIKI110 Artificial agents (10 stp)
- INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 stp)
- MAT121 Lineær algebra (10 stp)
3. semester, haust:
- Examen philosphicum (10 credits)
- INFO180 Metodar i kunstig intelligens (10 stp)
- INFO282 Knowledge Representation and Reasoning (10 stp)
4. semester, vår:
- Utvekslingssemester / Valemne (30 stp)
5. semester, haust:
Eitt av følgjande emne (10 stp):
Informasjonsvitskap:
Informatikk:
- INF122 Funksjonell programmering
- INF170 Modellering og optimering
- INF140 Introduction to Cybersecurity
- INF161 Innføring i data science
- INF207 Sosial nettverksteori (INFO207)
- STAT110 Grunnkurs i statistikk
- STAT220 Stokastiske prosessar
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I
6. semester, vår:
- AIKI200 Bachelor Thesis(10 stp)
To av følgjande emne (20 stp):
Informasjonsvitskap:
- INFO215 Web Science
- INFO216 Knowledge Graphs
- INFO125 Data Management
- INFO135 Vidarekommande programmering
Informatikk:
- INF227 Innføring i logikk
- INF237 Algoritme-engineering
- INF250 Dataorientert visuell berekning
- INF265 Deep Learning
- STAT111 Statistiske metodar
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I
Om studentane ikkje ønskjer å ta ei av dei to spesialiseringane (informasjonsvitskap eller informatikk), kan dei søkje om å velje andre emne i femte og sjette semester. Dei søkjer til studierettleiar før starten av fjerde semester. Programrådet vil så vurdere søknaden.
Delstudium i utlandet
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til fjerde semester av studiet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervising og undervisning/rettleiing på datalab.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.
Relevans for arbeidsliv
Gjennom studiet i kunstig intelligens vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervising og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.
Studiet kan og byggast ut med masterstudium i fleire retningar, som kvalifiserer for forsking og undervisning innanfor universitets- og høgskulesektoren.
I den siste delen av studieprogrammet kan du spesialisere deg ut i frå interessene dine. Du kan velje å lære meir maskinlæring og programmering, som er ettertrakta i mange stillingar i industrien og i offentleg sektor. Du kan òg orientere deg meir mot forsking innanfor kunstig intelligens-tema, noko som vil gje deg ferdigheiter som er etterspurde hos selskap som satsar på ny teknologi i kunstig intelligens eller autonome system.
Evaluering
Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjonsog medievitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.