Politikk og forvaltning, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar84
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Studiet passar for deg som er interessert i politikk og som liker å diskutere aktuelle tema som demokrati og samfunnsstyring, organisasjonar, offentleg forvalting og politikk på eit høgt nivå. Du lærer å utføre sjølvstendige analysar av aktuelle samfunnsproblem og utfordringar i offentleg, privat og frivillig sektor.
Desse spørsmåla og utfordringane blir ofte forsøkt løyst med organisering som verkemiddel:
- Kva prosessar ligg bak ei politisk avgjerd?
- Korleis løyse uregjerlege problem knytt til klima, fattigdom, sikkerheit og beredskap?
- Korleis finne alternative organisasjonsformer, kva er vilkåra for å iverksette dei, og kan eigentleg ein organisasjonsform veljast?
I løpet av studiet opparbeider du deg evne til å forstå prosessar og samhandlingar internt i organisasjonar og mellom organisasjonar. I tillegg får du kunnskap om politikk og forvaltningssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor.
Etter bachelorstudiet kan du
- forklare grunnleggande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk
- utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk ved å bruke samfunnsvitskapleg metode
- formidle og kommunisere om faglege problemstillingar, metodar og forskingsresultat
Studiekvardag
Som bachelorstudent blir du ein del av eit godt studentmiljø. Studentforeninga DEMOS inviterer til faglege og sosiale arrangement.
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein fulltids jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Oppgåveskriving, presentasjonar og gruppearbeid er òg ein del av studiet. Mot slutten av studiet skal du skrive ei sjølvstendig bacheloroppgåve.
Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du finne undervisningsrom og lesesalar på Ulrike Pihls hus, seminarromma på SV-fakultetet og på biblioteket ved SV-fakultetet som alle ligg på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.
Meir informasjon under
Bachelorprogram - Institutt for politikk og forvaltning
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Kva kan du jobbe som?
I dette studiet får du lære meir om korleis dei politiske institusjonane, forvaltninga og samfunnet kan møte dei utfordringane vi står overfor innanfor helse, utdanning, miljøvern, klima og samfunnstryggleik. Du får innsikt i kva for organisasjons- og styringsformer ein kan nytte og korleis dei fungerer. Viktig er også korleis norsk politikk og norsk samfunnsstyring heng saman med utviklinga internasjonalt.
Våre tidligere studentar jobbar blant anna med:
- leiing og organisasjonsutvikling
- kommunikasjonsarbeid
- rådgjeving og administrasjon
- sakshandsaming i stat, fylke eller kommune
- ideelle og internasjonale organisasjonar
Sjå kva våre tidlegare studentar jobbar med
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Anbefalt studieforløp:
1. semester
- GOV100 Innføring i politikk og forvaltning (20 studiepoeng)
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum – skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
- GOV112 Organisasjonsteori (10 studiepoeng)
- GOV113 Norsk politikk (10 studiepoeng)
- MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng)
3. semester
Eit av emna:
- GOV108 Climate Policy (10 studiepoeng)
- GOV115 EU og internasjonale organisasjonar (10 studiepoeng)
- GOV116 Rett og politikk (10 studiepoeng)
4. semester
-
Utveksling / Frie studiepoengpoeng (30 studiepoeng)
5. semester
-
Utveksling / Frie studiepoengpoeng (30 studiepoeng)
6. semester
- GOV251 Bacheloroppgåve i politikk og forvalting (10 studiepoeng)
- GOV215 Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentleg sektor (10 studiepoeng)
Eit av emna:
- GOV212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng) eller
- GOV213 Helse- og velferdspolitikk – Makt og innflytelse (10 studiepoeng) eller
- GOV214 Kunnskapens institusjonar, ekspertise eller politikk (10 studiepoeng) eller
- GOV216 Constitutions, Courts, and Politics (10 studiepoeng) eller
- GOV217 Gender and Power in Contemporary Politics (10 studiepoeng)
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltidsstudium). Du startar med innføringsemne og ex.phil (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester. Spesialiseringa i politikk og forvaltning utgjer 90 studiepoeng. Dei resterande 60 studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne eller dra på utveksling i utlandet. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din.
Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.
Utveksling
Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk, og internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, og det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester. Vi har utvekslingsavtalar med mange universitet i store delar av verda.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorgraden kan du òg gå vidare til masterprogrammet i politikk og forvaltning, Master`s Politics and Governance of Global Challenges, masterprogrammet i samanliknande politikk eller andre statvitskaplege masterprogram i Noreg eller i andre land.
Les intervju med alumnane våre.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 98 50
E-post: studierettleiar.svfa@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.