
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Samanliknande politikk er eit statsvitskapleg fag som gir deg innsikt i politiske system i ulike land og deira politiske historie. Studiet har ein sterk kultur for utveksling og eit unikt tilbod om praksis i ei bedrift som del av studieløpet.
På bachelor i samanliknande politikk (Sampol) lærer du om skilnadene i politiske system og institusjonar, og om korleis politisk åtferd blant borgarane varierer etter kva politisk kultur dei lever i. Du lærer å forstå, forklare og analysere desse variasjonane både innanfor enkeltland og mellom land.
Studieprogrammet legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå og analysere politikk vitskapleg.
Samanliknande politikk tilbyr arbeidslivspraksispraksis i ei bedrift som del av studieløpet. Dette gir deg anledning til å bruke kunnskapen du får under studiet, samtidig som du får arbeidserfaring og nettverk.
Ein bachelorgrad i samanliknande politikk gir deg kunnskap om
På Sampol blir du ein del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane, og som jobbar tett med instituttet for å fremme eit godt læringsmiljø.
Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium der du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Det er nokre obligatoriske arbeidskrav dei første tre semestera av studiet, i form av obligatorisk oppmøte og innlevering av oppgåver. Skriving av ei bacheloroppgåve høyrer også til studiet.
Instituttet har ein eigen kodeklubb som er eit fagleg-sosialt møtepunkt tidleg i studieløpet, og som hjelper deg med statistikkprogrammet R.
Ein bachelorgrad i samanliknande politikk gir deg eit sterkt og breitt kunnskapsfundament og verktøy som kvalifiserer deg for mange ulike jobbar. Våre uteksaminerte studentar er òg kjent for å ha gode metodekunnskapar, noko som er etterspurt av arbeidsgjevarar.
Våre tidlegare studentar arbeider blant anna som
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Det vert lagt vekt på stor valfridom i studieprogrammet, med gode moglegheiter til utveksling og praksis gjennom studieløpet.
Anbefalt studieforløp:
1. semester
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
SAMPOL103 – Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng)
SAMPOL105 – Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)
2. semester
SAMPOL106 – Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)
SAMPOL107 – Politisk mobilisering (10 studiepoeng)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
3. semester
SAMPOL116 – Democracy and Democratization (10 studiepoeng)
MET104 – Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
Eit valfritt SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (10 studiepoeng)
4. semester
Valfrie emne, utveksling eller praksisemne (30 studiepoeng)
5. semester
Valfrie emne, utveksling eller praksisemne (30 studiepoeng)
6. semester
SAMPOL260 – Bacheloroppgåve i samanliknande politikk (10 studiepoeng)
To av SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (20 studiepoeng)
Spesialiseringa utgjer 100 studiepoeng med emne (fag) innan samanliknande politikk, og du vel 30 av desse studiepoenga fritt blant dei mange spesialiseringsemna som faget tilbyr.
70 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. For eksempel kan du bruke frie studiepoeng til å gå ut i praksis, velje opne UIB-emne eller reise på utveksling. SAMPOL103 er anbefalt valemne første semester.
Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.
Spesialiseringar i denne graden.
Å reise på utveksling gir deg internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester.
Samanliknande politikk har avtalar med universitetet rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte.
Etter bachelorprogrammet kan du søke deg vidare til desse masterprogramma:
Masterprogram i samanliknande politikk ved UiB
Masterprogram i politikk og forvaltning ved UiB
Masterprogram i samanliknande politikk/statsvitskap ved andre universitet i Noreg og utlandet
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.