Master of Laws (LL.M.) Programme in EU and EEA Law (master)

Masterprogrammet Master of Laws (LL. M.) i EU- og EØS-rett gir deg djup og omfattande kunnskap om både institusjonelle og materielle aspekt ved EU- og EØS-rett.

Kva lærer du?

Dagens Europa krev ekspertar som har grundig kunnskap om europeisk rett. Spesialisert juridisk kunnskap om korleis dei internasjonale og nasjonale systema samhandlar, påverkar og utviklar seg dynamisk i takt med kvarandre, er stadig meir etterspurt. Sjølv om det finst utallige LLM-program i EU-rett tilbydd av universitet over heile Europa, er LLM-programmet i EU- og EØS-rett unikt og det første av sitt slag i verda, med sitt spesielle fokus på detaljane og særtrekka ved EØS-retten.

Programmet er utforma for å førebu deg på eit breitt spekter av teoretiske, men også praktiske EU/EØS-rettslige problemstillingar som du kan møte, for eksempel når du arbeider i offentleg administrasjon, som bedriftsadvokat, dommar eller i akademia. LLM-programmet aleine gjer deg ikkje kvalifisert til stilling som advokatfullmektig eller dommarfullmektig i Norge.  

Studiekvardag

Du vil tilbringe mesteparten av tida di ved Det juridiske fakultetet på Dragefjellet i Bergen. Dragefjellet er ein ærverdig og moderne studiestad i Bergen sentrum. Her finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek,  og kantina med byens flottaste utsikt. 

Her vil du møte eit internasjonalt fellesskap av tilsette og studentar i ein uformell atmosfære og delta i akademiske og sosiale arrangement. Som LLM-student vil du bli invitert til arrangement i Forskargruppa for europeisk rett (BERG), og du vil ha tilgang til arbeidsområde ved Det juridiske fakultetet, som jusbiblioteket og dei mange lesesalane.

I kursa vil du arbeide både sjølvstendig med litteratur og oppgåver, og i grupper. Alle førelesingane og seminara dine vil vere på engelsk, og du vil skrive oppgåvene og eksamenssvara dine på engelsk.

Kva kan du jobbe som?

Masterprogrammet i rettsvitskap i EU- og EØS-rett tilbyr ein studieveg med klar relevans for å forfølgje eit breitt spekter av yrke – primært innan juss, men også innan andre felt der slik spesialisert juridisk kunnskap kan vere nyttig. LLM-graden aleine gjer deg ikkje kvalifisert for å søke jobb som advokat- eller dommarfullmektig i Norge.

Programmet er også ein relevant rekrutteringsarena for internasjonale organisasjonar som:

  • Den europeiske unionen
  • Den europeiske frihandelsforbundet (EFTA)
  • Dei sameinte nasjonane (FN)
  • Verdas handelsorganisasjon (WTO) osv.
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søkjarar frå EU/EEA/Sveits har søknadsfrist 1.mars.
Nordiske søkjarar som kvalifiserer for tidleg svar har søknadsfrist 1. mars. Dette gjeld til dømes dei som er i jobb og som treng tid til å organisere permisjon frå jobb e.l.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

LLM-programmet i EU- og EØS-rett er eit eitt og eit halvt år langt program som startar kvar august. Det første semesteret har tre obligatoriske emne, medan i det andre semesteret vil du velje mellom visse emne. I det siste semesteret vil du skrive ei masteroppgåve om eit emne innan EU/EØS-rett.

Slik er programmet strukturert:

Første semester Obligatoriske emne:

JUS3500 EU and EEA Institutional Law and Policymaking (10 studiepoeng)

JUS3501 Free Movement under EU and EEA Internal Market Law (10 studiepoeng)

JUS3515 EU and EEA Public Procurement Law (10 studiepoeng)

Andre semester 

I andre semester skal du ta minst to av dei tre følgjande emna:

JUS3502 EU and EEA State Aid Law (10 studiepoeng)

JUS3509 Competition Law (10 studiepoeng)

JUS330-A EEA Moot Court (10 studiepoeng)

Du kan velje å studere alle desse tre ovanfor emna, eller du kan byte ut eitt av dei med eitt av desse valfrie emna:

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av studieprogrammet.

Vidare studiemoglegheiter

Med ein Master of Laws (LLM) i EU- og EØS-rett kan du kvalifisere for PhD-utdanning.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589500
E-post: llm@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master of Laws (LL.M.) Programme in EU and EEA Law