
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Filosofi er studiet av det som betyr noko: Kva er kunnskap, verkelegheit, moral og estetikk? Gjennom masterprogrammet i filosofi får du utvida kunnskap om og djupare forståing av sentrale tema innan filosofi, i tillegg får du betre ferdigheiter innan vitskapleg kritikk.
Filosofistudiet reindyrkar evna di til å tenke analytisk og kritisk.
Med ein mastergrad i filosofi får du
Som filosofistudent oppheld du deg på Sydneshaugen, midt på universitetsområdet i sentrum av Bergen.
Vi har mange internasjonale studentar og tilsette. Du blir del av eit hyggeleg studentmiljø, og du har tilgang på støtte og rettleiing både frå tilsette. Som masterstudent blir du inkludert i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Du får også eigen lesesalsplass og ikkje minst blir du del av eit aktivt student- og fagmiljø som arrangerer fagleg-sosiale samankomstar av ulikt slag gjennom heile året.
Dei to første semestera vel du emne på til saman 60 studiepoeng. Du kan rekne med å bruke minst åtte timar på forelesingar og seminar i veka.
Det to siste semestera bruker du til å til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng), eventuelt kan du ta 30 studiepoeng med masteremne i tredje semester og skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng i fjerde semester.
Folk med utdanning i filosofi vert særs gode til å sjå det vesentlege i store informasjonsmengder, til å tenke kritisk og analytisk og til å løyse problem av ulike slag. Dei er òg trent i å kommunisere klart og presist både munnleg og skriftleg.
Dei fleste som har studert filosofi finn jobbar innan
Av dei som ikkje arbeider med undervisning eller forsking, er mange rådgjevarar og konsulentar av ulike slag.
Les intervju med tidlegare studentarDei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk: Norsk and engelsk
Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar enten haust eller vår.
Anbefalt progresjon i studiet for studentar som vel FILO350 Filosofi mastergradsoppgåve - 60 sp:
1. semester
Metodebruk (5 studiepoeng)
Forskingsemne i teoretisk filosofi (15 studiepoeng)
10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi
2. semester
Prosjektskisse (5 studiepoeng)
Forskingsemne i praktisk filosofi (15 studiepoeng)
10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi
3. og 4. semester
Filosofi mastergradsoppgåve (60 studiepoeng)
Instituttet anbefaler sterkt eit utanlandsopphald ved eit av våre partnaruniversitet i utlandet. Populære land og universitet å reise på utveksling til, er Frankrike (Lille, Montpellier), Tyskland (Berlin, München, Stuttgart, Tübingen), Italia (Genova, Roma “La Sapienza”') og Austerrike (Graz, Wien)
Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.