Fransk (master)

Masterprogrammet i fransk gir deg spesialisert kunnskap innan fransk språk og litteratur, og inngang til ein kultur som har påverka styresett og tankegods over heile verda. Mastergraden i fransk gjer ein attraktiv innanfor arbeidsområde som kultur, næringsliv og internasjonalt samarbeid.

Kva lærer du?

Masterprogrammet har som mål å gi deg høgt kunnskapsnivå i fransk litteratur, kultur og språk, inkludert munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk.

I masteroppgåva arbeider du sjølvstendig med djuptgåande forsking på og analyse av ei problemstilling. Du vil få rettleiing gjennom heile masterprogrammet.

Masterprogrammet har som mål at du får ta aktivt del i forskingsprosjekt ved Institutt for framandspråk, slik at du utviklar ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan vitskapsgreinene i faget.

Gjennom mastergraden

  • får du brei kunnskap innanfor fransk og/eller frankofon litteratur og fransk lingvistikk
  • lærer du å arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing, med basis i fagkunnskap
  • kan du utvikle eigen kompetanse og spesialisering
Studiekvardag

Som masterstudent i fransk får du fast plass på lesesal. Du møter andre som er interessert i dine fagområde, og du får anledning til å snakke fransk med både dei som har fransk som morsmål og dei du sit på lesesal med. Både administrativt og fagleg tilsette svarer gjerne på spørsmål, samt individuell rettleiar på masteroppgåva.

Det er om lag 6-10 timar med forelesingar og seminar kvar veke. Mykje av tida går med til sjølvstudium og forsking aleine eller saman med medstudentar. 

Du kan stille som representant for programstyret for fransk for å påverke utviklinga av studieprogrammet, eller du kan arrangere ulike fagleg-sosiale arrangement som del av studentutvalet. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, treningssenter, kantine og studentbar på campus.

Kva kan du jobbe som?

Med kunnskap på høgt nivå innan fransk språk og kultur kan du arbeide innan: 

  • internasjonale organisasjonar 
  • forsking 
  • kunst, kultur og undervisning 
  • media  
  • næringsliv 
  • turisme 

Etterspørselen etter franske språkferdigheiter aukar. Talet på franskspråklege innbyggarar verda rundt er forventa å auke raskt i åra som kjem. Studium i framandspråk medverkar til betre grunnlag for interkulturell kommunikasjon. Desse ferdigheitene kan overførast til og vere nyttige i mange profesjonelle og sosiale miljø. 

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Masterprogrammet har også opptak på våren dersom det er ledige plassar.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og fransk

Undervisningsspråket og litteraturen er fransk.

Studiets oppbygging

Programmet går over fire semester og startar om hausten.  

1. semester 

Fransk litteraturvitskap (15 studiepoeng, i samarbeid med NTNU)

Språkleg særemne (15 studiepoeng)

2. semester 

Litterært særemne (15 studiepoeng)

Fransk språkvitskap (15 studiepoeng, i samarbeid med NTNU)

3. og 4. semester   

Masteroppgåve i fransk  (60 studiepoeng)

Du bestemmer og planlegg forskingsprosjektet i samarbeid med rettleiaren din. I masteroppgåva kan du fordjupe deg i språk eller litteratur, men du kan òg kombinere litterære, språklege og kulturelle perspektiv. 

Utveksling

Du kan ta andre eller tredje semester ved eit partnaruniversitet i utlandet. Vi anbefaler studieopphald i Frankrike eller Canada (Quebec). Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@hf.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i fransk