Hjem

Musikkterapi, master, 5 år

Er du interessert i å jobbe med menneske og utforske samanhengen mellom musikk og helse? På masterstudiet i musikkterapi lærer du å bruke musikk som helseressurs i arbeid med menneske med ulike utfordringar og sjukdomar. Sentralt i studiet står musikkens evne til å fremme relasjon, samhandling, uttrykksevne, meining og meistring.
  • Lengde5 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar14
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Som musikkterapistudent arbeider du både med musikalsk samhandling, mellommenneskeleg relasjonar, og evne til å legge til rette for musikkaktivitetar både som ein kvardagsressurs for folk og som ein måte å kople seg på eksisterande kultur- og samfunnsliv. Gjennom masterstudiet i musikkterapi lærer du: 

  • Å leggje til rette for helsefremmande musikkutfalding.

  • Å møte menneske med respekt og forståing.

  • Å grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid til andre fagpersonar, brukarar og pårørande.

  • Å utvikle evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i tileigning av sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet.

  • Å utvikle evner innan forskingsmetodikk og akademisk skriving.

Det 5-årig integrerte programmet musikkterapi gjev deg høve til å kombinere interessa for musikk og helse. Studiet passar for deg som vil lære meir om terapeutisk relasjonsarbeid, korleis musikk kan brukast i ulike helsekontekstar, og korleis musikk kan nyttast som ein pådrivar til auka kultur- og samfunnsdeltaking. 

Studiekvardag

Masterstudiet i musikkterapi er eit fulltidsstudie der ein tar 30 studiepoeng kvart semester. Som musikkterapistudent vert du engasjert i eit kreativt, oppegåande og aktivt studentmiljø. Du vil oppleve eit stimulerande fagmiljø som er sentral innan nasjonal og internasjonal forsking på musikkterapi.  

Studiestaden er ærverdige Griegakademiet, og her syder det av musikk, læring, og sosiale aktivitetar frå morgon til kveld. På musikkterapistudiet blir du kjent med humanistiske, psykologiske, musikkfaglege og musikkterapeutiske emne.  

Undervisningsformene inneheld mellom anna førelesningar, gruppeundervisning, workshops, skrive- og leseseminar, individuell-  og grupperettleiing. I tillegg får du innblikk i kva det musikkterapeutiske arbeidet inneberer gjennom ulike praksisperiodar. Du har moglegheit for eit semester utveksling, og ein praksisperiode i utlandet. 

Kva kan du jobbe som?

Ein ferdig utdanna musikkterapeut vil kunne jobbe i ulike helse- og pedagogiske kontekstar gjennom alle livsfasar. Studiet gjer studentane skikka til å gå inn i mellom anna: 

  1. Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring. 
  2. Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar. 
  3. Musikkterapeutisk arbeid innen helsevesenet, inklusivt habilitering, nevrorehabilitering, psykisk helsevern, psykisk helsearbeid, rusomsorg, eldreomsorg og palliativ omsorg. 
  4. Forsking i og formidling av musikkterapi. 

Opptakskrav og søknadsfrist

Kravet for å søke opptak til integrert masterprogram i musikkterapi er generell studiekompetanse. Søkarar må i tillegg gjennom ein opptaksprøve for å kvalifisere til opptak.  

Du søker via Samordna opptak

Les om opptaksprosessen her

Studiets oppbygging

Studiet er bygd opp av ulike terapeutiske, musikalske og teoretiske emne. I løpet av studiet møter du emne innafor musikkterapi, musisering, psykologi, humaniora og samfunnsvitskap. Du vil òg få praksiserfaring gjennom fem ulike praksisperiodar. Studiet blir avslutta med ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.  

1. semester

2. semester

3. semester

  • MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk
  • MUF101 / Musikk, kultur og samfunn
  • PSYK111 / Innføring i psykologi og psykologiens historie eller SANT104 / Kultur, meining og kommunikasjon eller MUV280 / Popular Music Studies

4. semester

  • MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk
  • MUF101 / Musikk, kultur og samfunn
  • MUTP205 / Innføring i musikkterapeutisk praksis
  • MUTPRA102 / Musikkterapipraksis 2

5. semester

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling

6. semester

  • MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi
  • MUTP206 / Musikkterapeutisk teoriutvikling
  • MUTP207 / Kreativ stemmebruk i musikkterapi
  • MUTPRA201 / Musikkterapipraksis 3

7. semester

  • MUTP300 / Musikkterapi i barn og unges oppvekst
  • MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon
  • MUTP305 / Musikkterapi i helsesektoren I
  • TVEPS / Tverrprofesjonell samarbeidslæring
  • MUTPRA301 / Musikkterapipraksis 4

8. semester

  • MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon
  • MUTP305 / Musikkterapi i helsesektoren I
  • MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode
  • MUTPRA302 / Musikkterapipraksis 5

9. semester

  • MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap
  • MUTP306 / Musikkterapi i helsesektoren II
  • MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi
  • MUTPRA303 / Musikkterapipraksis fordjuping

10. semester

  • MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap
  • MUTP306 / Musikkterapi i helsesektoren II
  • MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi

Det er òg mogleg å søke opptak til Forskarlinja frå 5. semester. Denne har eit noko annleis studieløp med ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Utveksling

UiB samarbeider med ni internasjonale universitet (i Australia, Europa og USA) som satsar på forsking og utdanning innanfor musikkterapi. I tredje studieår er valemna organiserte slik at det er rom for eitt semesters opphald i utlandet. Du kan då velje relevante emne i for eksempel musikk, psykologi, samfunnsfag eller helsefag. På Fjerde studieår er det ein blokkpraksisperiode som opnar for opphald i utlandet. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter fullført studium kan du søke til doktorgradsstudium i musikkterapi. 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.  

Les studieplanen her

Spørsmål om studiet?

E-post: studieveileder.kmd@uib.no