Kinesisk (master)

Masterprogrammet i kinesisk skal møte det aukande behovet for å utvikle ny kunnskap innan kinesisk språk og tverrkulturell kommunikasjon.

Kva lærer du?

Gjennom masterprogrammet i kinesisk vil du bygge eit teoretisk grunnlag i kinesisk språk, litteratur og kultur, og deira kryssingspunkt, spesielt relatert til Kina-studium. Programmet er delt i tre kjerneområde: Anvendt lingvistikk og sosiolingvistikk, komparative litteraturstudium og kulturell kompetanse. Masteroppgåva du skal skrive, vil høyre til eitt av desse områda. 

Du vil bli i stand til å utføre uavhengig, akademisk arbeid og løyse problem ved å vurdere teoriar, metodar og tolkingar innan fagdisiplinen. Gjennom to år vil du utvikle både overførbare kunnskapar og spesialisering i å strukturere og kommunisere idear effektivt, både munnleg og skriftleg på kinesisk.  

Studiekvardag

På dette studieprogrammet blir du ein del av eit mangfaldig fagmiljø. Sjølv om studiemiljøet på kinesisk er lite, blir du ein del av heile miljøet til masterstudentar ved instituttet.  

Undervisninga består av forelesingar og seminargrupper. Alle delar av studiet er obligatoriske, men i andre semester er det mogleg å velje blant ulike fag, både innanfor kinesisk og utanfor sjølve fagområdet. Du har stor grad av fridom til å velje tema for masteroppgåva, og fagmiljøet i kinesisk er alltid klart for å diskutere moglege tema med deg. Som masterstudent vil du få eigen lesesalsplass. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.

Kva kan du jobbe som?

Ein master i kinesiske studium gjer deg kvalifisert for stillingar som krev gode kunnskapar innan språk og kultur innanfor eit spesifikt land eller region.  

Dette kan for eksempel vere innan  

  • offentleg forvaltning
  • norsk og internasjonalt næringsliv
  • import/eksport av for eksempel sjømat
  • utanrikstenesta(diplomati, ambassade og konsulat)  
  • ideelle organisasjonar 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Opptak til masterprogrammet i kinesisk skjer annan kvart år med opptak i partalsår.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk and kinesisk

Studiets oppbygging

Programmet varer i to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.  

1. semester  

Tema innan anvendt kinesisk lingvistikk (15 studiepoeng)   

Forskingsmetodar i kinesiske studiar (15 studiepoeng) 

2.semester 

Tema innan kinesisk sosiolingvistikk (10 studiepoeng)

Tema innan kinesisk litteratur, filosofi, media og kunst (10 studiepoeng) 

Interkulturell kompetanse (10 studiepoeng), Sjølvstendig studium (10 studiepoeng) eller Metode for språklege mastergradar (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester    

Masteroppgåve i kinesiske studium (60 studiepoeng)

Utveksling

Det er mogleg å reise på feltarbeid under arbeidet med masteroppgåva, som er i tredje og fjerde semester av masterprogrammet. Du kan søke Institutt for framandspråk om økonomisk stønad.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Fullfører du masterprogrammet med gode resultat, kan du søke om opptak til doktorgradsstudium.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i kinesiske studier