Lektor framandspråk (engelsk - fransk - spansk - tysk), master, 5 år
- Lengde5 År
- Plassar39
- OpptakskravLÆRALT
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Som lektor kan du undervise på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen. Lektorutdanninga gir deg den faglege tyngda du treng, og praksiserfaring i skolen allereie frå første semester. Tilnærminga til undervisning er reflektert og innovativ, basert på nyare forsking om språklæring og språkundervisning.
Utdanninga tar opp spørsmål som:
- Kva er språk?
- Kva er kommunikasjon?
- Korleis bruker ein språk i ulike situasjonar?
- Korleis legge til rette for aktiv og motiverande språklæring?
Studiet gir deg grunnlag for å undervise i to fag. Det eine faget tar du master i, enten engelsk, fransk, spansk eller tysk. Det andre faget kan vere enten engelsk, fransk, tysk, nordisk, spansk, historie, religionsvitskap eller sosiologi. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi lærer og underviser fag) og praksis.
Studiekvardag
I studiet vil du saman med andre lektorstudentar møte faga dine som skolefag gjennom teori og praksis. Men du vil òg møte faga som universitetsfag saman med studentar på andre program. Praksisperiodane er obligatoriske og fordelt gjennom studiet. Der får du undervise i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her får du moglegheit til å forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt område.
Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Her finn du òg samlingsrommet «Lektors kontor», der lektorstudentane kan øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper. På UiB er det mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Lektorutdanning gjer deg først og fremst kvalifisert til jobb i den vidaregåande skolen eller i ungdomsskolen. Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frå UiB er kjent for å ha solid fagleg tyngde. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.
Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen med for eksempel formidling, forsking, kommunikasjon og leiing.
Lektorprogrammet gir deg dessutan grunnlag for forsking på språkfag og framandspråkdidaktikk. Ved å forske på korleis elevar lærer framandspråk og korleis ein best kan legge til rette for læring, oppnår ein kunnskap som er viktig for skolen.
Næringslivet etterspør òg språkkunnskapar, og ein stadig meir globalisert arbeidsmarknad krev folk som har språk- og kulturforståing.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å bli tatt opp til grunnskulelærarutdanningane og femårig lektorutdanning, må søkarar dokumentere anten minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar) eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (for eksempel matematikk S1 og R1) med eit omfang på minst 140 årstimar eller tilsvarande
Ved opptak til studiet må du òg legge fram politiattest.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Lektorutdanninga går over 5 år og gir mastergrad. Dei fire første åra får du undervisning i didaktikk og pedagogikk i tillegg til i dei to undervisningsfaga. Du får òg vere i praksis i skolen dei fire første åra. I det femte året skriv du masteroppgåva.
Studiet er bygt opp slik:
1. semester
- Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- Pedagogikk (10 studiepoeng)
- Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (10 studiepoeng)
- Praksis i skolen (10 dagar)
2. semester
-
Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (30 studiepoeng)
3. semester
- Det andre undervisningsfaget (20 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (10 studiepoeng)
- Praksis i skolen (10 dagar)
4. semester
-
Det andre undervisningsfaget (30 studiepoeng)
5. semester
- Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (10 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng)
- Pedagogikk (10 studiepoeng)
- Praksis i skolen (35 dagar)
6. semester
- Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (20 studiepoeng)
- Bacheloroppgåve i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng)
7. semester (masternivå)
-
Masteremne i det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (30 studiepoeng)
8. semester
- Masteremne i det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (20 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (10 studiepoeng)
- Praksis i skolen (35 dagar)
9. og 10. semester
-
Masteroppgåve i det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (60 studiepoeng)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester. UiB har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og språkleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Vi hjelper deg med planlegginga. Dei som studerer fransk, kan òg ha praksis på ein skole i Frankrike.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program. Du kan bygge på utdanninga med eit tredje undervisningsfag ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og viderautdanning for eksempel innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 82
E-post: lektor@hf.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.