
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Masterstudiet i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar innan sjangrane klassisk, jazz og tradisjonsmusikk. Studiet legg vekt på å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil og styrke evna til fagleg refleksjon og sjølvstende.
Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid. Undervisninga elles er felles.
Masterstudiet har eit internasjonalt studentmiljø og brukar engelsk som kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga. I tillegg til undervisning frå eit høgt kvalifisert fagpersonale inviterer programmet nasjonale og internasjonale gjester til å halde seminar og meisterklassar.
Fagpersonalet ved Griegakademiet er internasjonalt aktive utøvarar, komponistar og forskarar. Det er mange ulike spesialiseringar i fagmiljøet, blant anna historisk oppføringspraksis, lied-interpretasjon, opera, kammermusikk, norsk musikk og samtidsmusikk.
Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist , orkestermusikar, lærar ved universitet/høgskole, i vidaregående skole og i kulturskolen. Ein kvalifiserer seg også for arbeid i det frivillige musikklivet og ved ulike kulturinstitusjonar.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-ell…
Undervisningsspråk: Norsk and engelsk
Masterprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Emnekoden i parentes.
1.semester (haust):
Prosjektarbeid I, Innføring I arbeidsmetodar (MUV301, 15 studiepoeng)
Konsertframføring I (MUV310, 15 stp) eller Spesialemne I for komponistar (MUV316, 15 stp)
2.semester (vår):
Prosjektarbeid II ( MUV302, 15 stp)
Konsertframføring II (MUV310, 15 stp) eller Spesialemne for komponistar II (MUV316, 15 stp)
3. og 4. semester (haust og vår):
same emnefor utøvarar og komponistar: Masterprosjekt (MUV351, 20 stp)
Mastereksamen I utøving eller komposisjon (MUV352, 40 stp)
Spesialiseringar i denne graden.
Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald (normalt i 3. semester) ved ein utanlandsk institusjon.
Les om utveksling her
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon