Religionsvitskap, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar7
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Religion er vevd inn i kunst og politikk, familieliv og krigføring, økonomi og lovgiving, etikk og underhaldning, arbeidsliv og vitskap. Religionsvitarar studerer alle delar av verda og alle historiske periodar. Studieprogrammet bygger på og bruker eit mangfald av vitskapelege teoriar og metodar.
Med ein mastergrad i religionsvitskap forstår du betre menneskeleg åtferd i ulike kulturelle og religiøse kontekstar. Religionsvitskap ved UiB er eit av dei fremste fagmiljøa i Europa for samanliknande studiar av religion.
Som ferdig utdanna masterstudent i religionsvitskap kan du
- formidle forskingsbasert kunnskap om religionar i ulike samanhengar
- bruke dine faglege kunnskapar og ferdigheiter til å gjennomføre arbeidsoppgåver og forskingsprosjekt på nye område
- handtere og analysere store informasjonsmengder
Studiekvardag
Som masterstudent i religionsvitskap blir du del av eit godt læringsmiljø og vil få eigen lesesalsplass. Studentane våre melder at dei set pris på den faglege breidda, forskingsfokuset i masterprogrammet og dei flinke forelesarane.
Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar, seminargrupper og individuell rettleiing. I tillegg inneber det arbeid med kjelder eller feltarbeid, mykje sjølvstudium og skriving av masteroppgåve. Litteraturen er på engelsk og skandinaviske språk.
Som student hos oss vil du ha undervisning på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Ein mastergrad i religionsvitskap gjer deg kvalifisert til mykje forskjellig arbeid både i offentleg og privat sektor.
Våre tidlegare studentar finn du innan:
- utanrikstenesta
- kulturfeltet
- internasjonale organisasjonar
- innvandringsrelatert arbeid
- media
- reiseliv
- offentleg forvaltning
- politikk
- museumssektoren
- ungdomsskole, vidaregåande skole og andre utdanningsinstitusjonar
- forsking
Gjennom masterprogrammet får du kompetanse som gjer at du kan handtere store informasjonsmengder, og argumentere godt munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking. Du vil bli utrusta med stor evne til sjølvstendig tenking.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Masterprogrammet i religionsvitskap er eit toårig fulltidssstudium som startar i august. Studieløpet kan sjå slik ut:
1. semester
- Religionsvitskapleg teori (15 studiepoeng)
- Valemne i religionsvitskap (15 studiepoeng)
- Forskingsetikk (0 studiepoeng) i 1. eller 2. semester
2. semester
- Forskingsmetodar, etikk og prosjektdesign (10 studiepoeng)
- Valemne i religionsvitskap (15 + 5 studiepoeng)
3. og 4. semester
-
Religionsvitskap mastergradsoppgåve (60 studiepoeng)
Masterprogrammet er under revisjon og emnesamansetnaden kan endre seg til opptak haust 2024.
Utveksling
Du kan velje å reise på utveksling i eitt semester (vanlegvis i 2. semester). Du kan reise på utveksling for eksempel til Danmark, Nederland, Storbritannia, Sverige eller Tyskland. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Med mastergrad i religionsvitskap kan du søke opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer deg til å jobbe som lærar på ungdomsskole og vidaregåande skole.
Du kan òg halde fram med forsking ved å søke doktorgradsstipend og opptak til ph.d.-programmet.
Utover dette tilbyr UiB etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid og skriving av vitskaplege artiklar.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.