
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Russisk er eit verdsspråk med 140 millionar morsmålsbrukarar, både i og utanfor Russland. Vi treng russiskkunnskap, både i periodar med mykje samarbeid med Russland og i periodar med mindre kontakt. Masterprogrammet i russisk gir deg verktøy til å forstå dei lengre linene og djupare perspektiva.
Du vil få arbeide historisk med utviklinga av språket, litteraturen og kulturen. Vi ser på samanhengen mellom kultur, språk, samfunn og politikk, og samanliknar russiske forhold med andre land. Eksempel på fordjupingsemne kan vere «Kultur og politikk i dagens Russland» eller «Russland og Vesten i idéhistorisk perspektiv».
Russiskstudiet skal auke den praktiske språkferdigheita og dei teoretiske kunnskapane dine, øve opp evna til kritisk refleksjon og gi ei grunnleggande forskarskolering som set deg i stand til å legge fram, diskutere og drøfte faglege problemstillingar.
Etter gjennomført masterprogram har du:
På dette masterprogrammet vert du del av ei lita og engasjert gruppe masterstudentar. Du får god kontakt med forelesarane, som integrerer forskingsarbeidet sitt i undervisning og rettleiing. Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. I tillegg vert det øving i munnleg russisk, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, og andre oppgåver.
I arbeidet med masteroppgåva kan du skrive om eit sjølvvalt tema innan språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturstudium. Mange masteroppgåvetema opnar opp for eigne feltstudiar. Feltarbeid vert vanlegvis gjennomført i tredje semester og kan vare frå ein til fire månader.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til fast lesesalsplass, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
Masterprogrammet i russisk gir praktisk og teoretisk språkkunnskap som er sentrale i yrke innanfor diplomati, utdanning, forvaltning, kultursamarbeid, journalistikk og internasjonalt organisasjonsliv. Med mastergrad i russisk vil du kunne undervise i russisk på høgare nivå.
Du kan for eksempel arbeide innanfor:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Undervisningsspråk: Norsk and russisk
Studiet er oppbygd slik:
1. semester
Russisk språkhistorie og språkstruktur (15 studiepoeng)
Tekst og skriftleg russisk (15 studiepoeng)
2. semester
Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap (15 studiepoeng)
Valfrie emne (15 studiepoeng)
3. semester og 4. semester
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Vi ser veldig gjerne at du tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Studiet kan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking, som leier fram til ein doktorgrad (ph.d.-grad).
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.