
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
På masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium kan du fordjupe deg i det spanske språket og i latinamerikansk litteratur, og studere dei historiske prosessane som har forma dagens komplekse Latin-Amerika.
Noreg har mange interesser i Latin-Amerika gjennom investeringar, menneskerettsarbeid og arbeid for demokratiseringsprosessar. I programmet drøftar vi viktige spørsmål som for eksempel:
Du får kunnskap om det spanske språket og om litteratur og historie i Latin-Amerika og utviklar analytiske og metodiske evner i desse tre fagdisiplinane.
Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt om eit tema du vel innan spansk lingvistikk, latinamerikansk litteratur eller latinamerikansk historie . Det kan også vere mogeleg å skrive masteroppgåve i fagdidaktikk. Du skriv masteroppgåva på spansk, og det kan vere aktuelt å reise på feltarbeid for å samle inn data.
Som masterstudent ved Institutt for framandspråk blir du ønskt velkomen i eit internasjonalt og pulserande miljø. Du kan søke om din eigen lesesalsplass saman med dei andre masterstudentane på instituttet. Undervisninga skjer gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell rettleiing. Masterstudentane deltar på ein heildagskonferanse i slutten av andre semester. Etter dette tar ein til med arbeidet med masteroppgåva.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Med mastergrad i spansk språk og latinamerikastudium kan du få jobbar i både privat og offentleg sektor.
Våre tidlegare studentar jobbar innan
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Undervisningsspråk: Norsk, engelsk and spansk
Masterprogrammet undervisast på spansk.
Eit masterprogram i spansk kan sjå slik ut:
1. semester
Trendar i moderne spansk lingvistikk: teori og metode (10 studiepoeng)
Latinamerikansk litteratur: tilnærmingar og metodar (10 studiepoeng)
Stemmer i latinamerikansk historie (10 studiepoeng)
2. semester
Prosjektdesign og forskingsformidling for latinamerikastudium (10 studiepoeng)
Spesialisering i Latinamerikastudium (20 studiepoeng)
3. og 4. semester
Mastergradsoppgåve i spansk og latinamerikastudium (60 studiepoeng)
Du kan velje å ta andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta våre i Mexico, Peru, Argentina, Spania eller Chile. Mange av studentane legg inn eit par månaders feltarbeid samtidig som dei jobbar med masteroppgåva. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening og opplevingar for livet.
Med ein mastergrad kan du halde fram med akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.). Etter du har fått mastergrad kan du søke opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Spansk er eit skolefag, og med ei slik utdanning kan du jobbe som lærar på ungdomsskole og vidaregåande skole.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Masterprogram i spansk og latinamerikastudier