![](https://www4.uib.no/sites/default/files/2025-01/seks_egenskaper_av_a_studere.jpg)
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Som masterstudent ved Det juridiske fakultet vil du få kontakt med leiande fagmiljø innan strafferett, rettargang og formuerett. Du får undervisning og rettleiing av engasjerte forskarar med stor fagleg tyngde, og kan spesialisere deg innan juridiske fagfelt som du sjølv er opptatt av.
Noko av det viktigaste du lærer på masterstudiet i rettsvitskap, er å tolke og bruke rettskjeldene på rett måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Du lærer å løyse konkrete rettsproblem, og blir i stand til å argumentere og legge fram ei sak på ein god og overtydande måte. Etter gjennomført mastergrad i rettsvitskap vil du ha stor kunnskap om nasjonal og internasjonal rett.
Jusutdanninga i Bergen er kjent for eit svært aktivt studentmiljø og eit godt undervisningsopplegg.
Undervisninga er på norsk og engelsk, og skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Du skal skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling du vel etter dine interesser. Fakultetet tildeler deg ein rettleiar som har god kjennskap til temaet du vil skrive om.
På siste studieår kan du søke om å skrive masteroppgåve knytt til eit av forskingsprosjekta ved fakultetet. Du kan òg søke opptak til forskarlinja. På forskarlinja kan du fordjupe deg i eit tema du har valt sjølv. Her får du tett oppfølging og variert undervisning, og får økt forståing for juridisk metode og rettsvitskapleg forsking.
Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen. Dragefjellet er ein ærverdig og moderne studiestad i Bergen sentrum. Her finner
Arbeidsmarknaden for juristar frå UiB er svært god og med med ein mastergrad i rettsvitenskap blir du etterspurt.
Juristar sin kompetanse er etterspurt både i privat og offentleg sektor. Eksempel på nokre av stadene du kan jobbe er:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du ha bestått bachelorgrad i juss frå Universitetet i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger. Studieprogrammet har oppstart kvar haust. I 2025 er det 30 studieplassar.
Undervisningsspråk: Norsk
Mastergradsstudiet i rettsvitskap er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.
Det første studieåret består av obligatoriske emner. På andre året kan du velje emne etter eigne interesser.
1. semester
strafferett (emnekode JUS345, 20 studiepoeng)
rettargang (JUS346, 20 studiepoeng)
2. semester
allmenn formuerett (JUS347, 20 studiepoeng)
3. semester
juridiske utgreiingar (10 studiepoeng), fordjupingsemne (20 studiepoeng)
4. semester
masteroppgåve (30 studiepoeng)
Dei fleste skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng i eitt semester. Du kan også søkje opptak til Forskarlina på 70 studiepoeng for å skrive masteroppgåve over eitt år.
Spesialiseringar i denne graden.
Å reise på utveksling gir ei fantastisk mogleigheit til å lære meir om internasjonal rett og til å få nye perspektiv på norsk rett gjennom å lære om korleis ulike rettsområde er regulert i andre land. Du kan reise på utveksling til meir enn 100 universitet over heile verda.
Drøymer du om å bli forskar eller å undervise om jus? Etter at du har bestått masterstudiet kan du søke opptak til forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.