Kunst (master)

Det toårige masterprogrammet i kunst førebur deg til å arbeide sjølvstendig og profesjonelt som utøvar i ulike deler av samtidskunstfeltet. I studiet får du utvikle og gjennomføre eit større, sjølvstendig kunstprosjekt og stille det ut i ein profesjonell kontekst.

Kva lærer du?

Utdanninga gir deg nødvendige kunstnariske, metodiske og teoretiske kvalifikasjonar for å arbeide profesjonelt i eit samansett og samtidig kunstfelt.  

Du blir trena i kreativ tenking, kunstnarisk utviklingsarbeid, prosjektleiing og teknisk kunnskap i din eigen kunstpraksis. 

Sjølvstyrt kunstnarisk praksis står sentralt gjennom studiet, og arbeidet med masterprosjektet utgjer hovudkomponenten i programmet. 

Masterprosjektet er eit individuelt, kunstnarisk prosjekt som du utviklar gjennom individuell undersøking, eksperimentering, kritikk og diskusjon med hovudrettleiar, andre faglege tilsette, gjesteundervisarar og medstudentar. 

Studiekvardag

Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst tilbyr eit stimulerande og utfordrande læringsmiljø for motiverte studentar.  

Kunst- og designstudia held til i eit nytt og moderne bygg(lenke) på Møllendal like utanfor Bergen sentrum. Du får tilgang til verkstadar og utstyr som få kunstinstitusjonar i verda kan tilby, slik at du får dei aller beste tilhøva for å utvikle deg som kunstnar. 

Hos oss vil du oppleve at det er kort avstand til dei tilsette. Du får tildelt ein hovudrettleiar som du har jamleg kontakt med gjennom heile studiet. 

Du blir del av eit lite kull, og det er godt samhald mellom studentane. Du vil ha medstudentar frå mange land og det oppmuntrast til å ta aktiv deltaking i studiekvardagen. 

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i kunst kan du bli profesjonell kunstnar, kurator, kritikar, produsent, teknikar, undervisar og mykje meir. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Du sender søknad via Søknadsweb. Opptaksprosessen har to runder:

Runde 1:
Søknads- og portfoliovurdeirng - en jury vil vurdere alle innkomne søknader som oppfyller søknadskravet.

Runde 2:
Intervju - alle søkere som blir funnet kvalifisert etter runde 1 vil bli kalt inn til et intervju som del av opptaksprosessen.

https://www.uib.no/node/111143

Søknadsfrist: 2. februar
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i kunst er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Utdanninga er forankra i rettleiing, særleg i dei obligatoriske emna for kunstpraksis (ART). Kunstpraksis-emnar auke i omfang og progresjon fram til ferdigstilling av masterprosjektet. 

Gjennom ulike undervisningsformer, for eksempel seminar og gruppediskusjonar, utviklast et felles omgrep og analytisk forståing for kunst. Skrivekurs inngår som en gjennomgåande del av studieopplegget. Som student skal du også ha emne (REF) som bidrar til å styrke di evne til kritisk refleksjon og formidling.  

I tillegg tilbyr Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst ei rekke valgemne (PRO) tilpassa ein skapande kunstpraksis. Valgemna er ofte prosjektbaserte og ein del av pågåande forskningsprosjekt i kunstnarisk utviklingarbeid. I tillegg kan du også søke tekniske og metodiske støtte-emnar (MEME). Emna underviser i metodebaserte tilnærmingar, ofte i verkstader og laboratorium, som støtte i arbeidet med å gi idear og intensjonar form. 

Sjå oversikt over alle emne 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i andre semester. KMD og Kunstakademiet har inngått utvekslingsavtaler med mange interessante studiesteder. Oversikt over alle utvekslingsavtalene finner du her. 

Informasjon om utveksling 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter mastergraden kan og du ta meir utdanning:

Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for å bli lærar

Ph.d.-utdanning i kunstnarisk utviklingsarbeid for å undervise og forske på universitetsnivå.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55587300
E-post: studieveileder.kmd@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i kunst