Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuellterapi (MFMT), master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar24
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartVår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar (MMT). Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og er spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel og skjelett.
Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg yrkesutøving. Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.
Etter fullført grad kan du
- undersøke og vurdere behov for behandling
- bruke behandlingsmetodar for å betre eller vedlikehalde funksjonar
- undervise, rettleie og informere pasientar, pårørande og andre profesjonelle
Les heile lista over læringsutbytte
Studiekvardag
Undervisninga består av både teori og ferdigheitstrening. På studiet bruker vi mange ulike læringsformer:
- forelesingar
- gruppearbeid
- studentpresentasjonar
- seminar
- sjølvstendig skriftleg arbeid
- nettbasert læring
- praktiske samlingar
I tillegg vil du også ha pasientbehandlingar ved klinikk eller institutt under oppsyn av rettleiar. Mellom kvar undervisningsbolk skal du bruke og vidareutvikle ferdigheitene dine ved ein klinisk praksisstad.
Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heve sin formelle og reelle kompetanse. Studiet går ut på å vidareutvikle teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapleg basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga.
Studiet tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på eit samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.
Kva kan du jobbe som?
Etter fullført Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er ein kvalifisert til
- arbeid som primærkontakt for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettapparatet
- utdanningsarbeid på universitet og høgskolar
- fagutvikling i klinisk verksemd
- forsking og utvikling
- fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen
Studiet gir også grunnlag for vidare forsking og ph.d.-studium, nasjonalt som internasjonalt. Studiet er godkjent av International Federation for Orthopaedic Manual Physical Therapy (IFOMPT) og kvalifiserer dermed til arbeid som manuellterapeut internasjonalt.
Opptakskrav og søknadsfrist
Studiet bygger på bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande.
Programmet har opptak annakvart år. Sjå her for neste søknadsfrist.
Studiets oppbygging
Klinisk masterstudium i manuellterapi er eit fulltidsstudium og går over to år. Studiet har oppstart annankvar vår.
Oppbygginga av studiet kan sjå slik ut:
1. semester
- Manuellterapi 1 (10 studiepoeng, obligatorisk)
- Forskingsmetode og etikk (10 studiepoeng, obligatorisk)
- Musculoskeletal Disorders - Acute, subacute and intermittent conditions (5 studiepoeng, obligatorisk)
- Trygdemedisin for primærkontaktar (5 studiepoeng, obligatorisk)
2. semester
- Smerte som fenomen (5 studiepoeng, obligatorisk)
- Treningslære og rørsle (10 studiepoeng, obligatorisk)
- Helse og kommunikasjon (5 studiepoeng, obligatorisk)
- Differensialdiagnostikk og laboratoriesvar (5 studiepoeng, obligatorisk)
- Medisinske basalfag (5 studiepoeng, obligatorisk)
3. semester
- Manuellterapi 2 (20 studiepoeng, obligatorisk)
- Radiologi (5 studiepoeng, obligatorisk)
- Farmakologi (5 studiepoeng, obligatorisk)
4. semester
-
Masteroppgåve i manuellterapi (30 studiepoeng, obligatorisk)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet.
Vidare studiemoglegheiter
Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium og kan gi grunnlag for vidare studium som for eksempel ph.d.-grad.
Spørsmål om studiet?
E-post: Studie@igs.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.