Hjem
Utdanning

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeuter (MMT)

Omfang og studiepoeng

Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi har et omfang på 120

studiepoeng og er normert til 2 år.

I det andre studieåret skal studentane skrive ei masteroppgåve som bind teori og praksis saman innan manuellterapi, og kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager skal synleggjerast. Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng og skal vera eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Vår, anna kvart år.

Neste gang vår 2025.

Søknadsfrist 15. august 2024.

soknadsweb.uib.no

Mål og innhald

Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og er spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.

Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.

I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass.

Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.

Læringsutbyte

Etter fullført studium har kandidaten følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

  • har god kunnskap om sentrale helsefaglege problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling
  • har inngående kunnskap om helse og sjukdom i eit heilskaplig bio-psykososialt perspektiv
  • har inngåande kunnskap om lidingar i muskel- og skjelettapparatet og kan analysera, vurdera og behandla nevro- muskulær- og biomekanisk funksjon
  • har inngåande kunnskap om ledd i kroppen med tilhøyrande vevsstrukturar og kan vurdera mobilitet, stabilitet, smerte, funksjon og motorisk kontroll gjennom generell, lokal og spesifikk undersøking
  • har inngåande kunnskap om skader, sjukdom og lidingar knytt til rørsleapparatet, kompetanse i å tolke bildediagnostikk og foreta differensialdiagnostisering, og forståing for at feilfunksjonar i muskel- og skjelettapparatet også kan ha samanheng med psykologiske og sosiale forhold
  • har god kunnskap om trygdefaglege tema, vilkår for sjukepengar og verkemiddel for oppfølging av sjukemeldte personar.
  • har avansert kunnskap om primærkontaktfunksjonar med bruk av avgrensa rett til sjukmelding og vidare henvising av pasientar til spesialist eller fysioterapeut, samt kunne rekvirera radiologiske undersøkingar
  • har avansert kunnskap om aktuelle kartleggingsverktøy og testar, og kan vurdera deira relevans og gyldigheit, samt kunne bruka dei i å undersøkja og dokumentera effekt av behandling

Ferdigheiter:

  • kan undersøke og vurdere behov og kontraindikasjonar for manipulasjon på ledd
  • kan utføra manipulasjonsteknikkar på ledd, det vil seie hurtig mekaniske handgrep for å betre lokal funksjon og redusera smerte
  • kan bruke spesifikke og generelle behandlingsmetodar for å betre eller vedlikehalde funksjon, eller forsinke ein progredierande funksjonssvikt, og kan grunngje val av desse ut frå forsking, systematiserte erfaringar og pasientens behov og forventingar
  • kan formidle aktuell fagkunnskap på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap, spesialt innan manuellterapi, ved bruk av vitskaplege metodar
  • kan undervise, rettleie og informera pasientar, pårørande og andre profesjonar om rørsleapparatet si nevromuskulære og biomekaniske funksjon, smerte og kva som kan vera aktuelle tiltak for førebygging av funksjonsproblem, styrking av funksjon og reduksjon av smerte

Generell kompetanse:

  • kan vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap med særleg relevans for manuellterapi
  • kan vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid.
  • kan vurdera publiserte forskingsarbeid innan muskel-skjelettlitteraturen etter anerkjente vitskaplege kriteria.
  • kan vise kritisk analytisk refleksjon relatert til eige forskingsarbeid og kan anvende sentrale forskingsprinsipp
  • kan vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og data med relevans for eige fag

Opptakskrav

For å bli teken opp på Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar, må ein ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut samt 1 år fysioterapipraksis etter autorisasjon.

Søkjar må forstå og snakke norsk flytande ettersom studiet inneheld mykje pasientbehandling.

Utfyllande skildring av rangeringsreglene finn du her

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her

Obligatoriske emne

Alle emne er obligatoriske.

Teoriundervisning og ferdigheitstrening i manuellterapi føregår i felles obligatorisk undervisning ved universitetet, mens utøving skjer i pasientbehandlingssituasjon under supervisjon hos godkjent rettleiar. For å kunne gå opp til avsluttande klinisk eksamen i manuellterapi må studenten dokumentera at han/ho minimum har hatt 1500 pasientkonsultasjonar.

Før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, må ho/han ha fått godkjent alle tidlegare interne oppgåver og eksamenar. Studenten må ikkje ha et fråvær frå undervisninga som overskrider 20% i den eininga som skal prøvast ut til eksamen. Dokumentasjon frå rettleiar for gjennomført og godkjent klinisk praksis må innleverast før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen.

Rekkefølgje for emne i studiet

Arbeids- og undervisningsformer

I undervisninga vert det brukt mange ulike læringsformer: Forelesingar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg, samt praktiske samlingar og rettleia praksis.

Studiet sikrar at teori og ferdigheitar er integrert i praktisk utøving av manuellterapi. Mellom kvar undervisningsbolk skal studentane bruke og vidareutvikle sine ferdigheiter ved ein klinisk praksisstad der ein godkjent rettleiar har ansvar for at teknikkar og metodar som er undervist ved universitetet vert anvendt.

Undervisningsmetodar

I undervisninga vert det brukt mange ulike læringsformer: Forelesingar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg, samt praktiske samlingar og rettleia praksis.

Studiet sikrar at teori og handverkskunnskap er integrert i praktisk utøving av manuellterapi. Mellom kvar undervisningsbolk skal studentane bruke og vidareutvikle sine ferdigheiter ved ein klinisk praksisstad der ein godkjent rettleiar har ansvar for at teknikkar og metodar som er undervist ved universitetet vert anvendt.

Vurderingsformer

Ulike former for vurdering vert brukt; praktisk, munnleg og skriftleg.

I dei fagspesifikke emna testar ein kunnskap ved presentasjon av sjølvstendig arbeid og/eller gjennom avsluttande prøver, inklusiv vurdering av utføring i praksissituasjon. I fellesemnet i forskingsmetode har ein semesteoppgåve, der både medstudent og rettleiar gjer tilbakemelding undervegs, med ei skriftleg innlevering til slutt.

Karakterskala

Karakterskala (A-F) og Bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

STUDIETS MÅLSETTING, INNHOLD OG ORGANISERING

Det kliniske mastergradsprogrammet i manuellterapi er eit fulltidsstudium over 2 år og

har fire hovudmodular som til saman utgjer 120 studiepoeng. Manuellterapi teori og

praksis utgjer hovudbolken begge åra med 60 studiepoeng, der masteroppgåva tel

30.Dette inkluderar 1500 konsultasjonar/behandlingar av pasienter.

Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og er spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.

Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.

I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass.

Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.

Studentane skriv ei sjølvstendig masteroppgåve som bind saman teori og praksis innan manuellterapi, og

kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager vert synliggjort gjennom ei vitskapleg oppgåve i andre studieår.

Relevans for arbeidsliv

Etter fullført Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er ein

kvalifisert til:

  • arbeid som primærkontakt for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettapparatet
  • utdanningsarbeid på universitet og høgskolar
  • fagutvikling i klinisk verksemd
  • forsking og utvikling
  • fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.
  • studie gir grunnlag for vidare forsking og PhD-studium, nasjonalt som internasjonalt
  • studiet er godkjent av International Federation for Orthopaedic Manual Physical Therapy (IFOMPT) og kvalifiserer dermed til arbeid som manuellterapeut internasjonalt

Evaluering

Dei fagspesifikke emna har alle studentevaluering der sentrale spørsmål vert svart på munnleg og/eller skriftleg. Resultata av evalueringa vert drøfte i lærargruppa der ein vurderer vidare utvikling av emne og studieretning.

Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programutval for master i helsevitskap. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvar for programmet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin dersom du har spørsmål: studie.igs@uib.no