Studieplan for MAMD-MEDBI Biomedisin, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Master i Biomedisin
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i biomedisin har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Engelsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Fagfeltet biomedisin spelar ei sentral rolle i dagens medisinske forsking. Masterprogrammet i biomedisin tilbyr ei medisinsk tilnærming til celle- og molekylærbiologi og human fysiologi, og gir studentar høve til å delta aktivt i forskingsprosjekt i eit internasjonalt miljø.
Studiet startar med ei omfattande opplæring i metodar og teknikkar som blir nytta innan biomedisinsk forsking i dag, med fokus på celle- og molekylærbiologi, fysiologi og biletanalyse. Allereie i det første semesteret vert studentane plassert i ei aktiv forskingsgruppe for å lære relevante metodar og korleis ein planlegg forsøk. Dei teoretiske emna gir naudsynt cellebiologisk og fysiologisk kunnskap for å forstå korleis sjukdom oppstår og blir behandla. Gjennom masterstudiet blir studentane utdanna i dei mange etiske spørsmåla som naturleg oppstår i moderne medisinsk forsking. Dei vert også trena i såkalla "soft skills", som vitskapleg skriving og formidling. Som student kan du velje om du vil gjennomføra sjølve masterprosjektet i ei gruppe som driv medisinsk grunnforsking, eller i ei gruppe som driv translasjonell forsking, dvs koplar forskinga mot pasientdata.
Vi oppmodar alle studentar til å reise på utveksling til eit av våre internasjonale samarbeidsuniversitet. Vi vil særleg framheva eit Nordisk masternettverk (NordBioMedNet) som vi er del av. Dei andre partane er; Københavns Universitet (Danmark), Karolinska Insitutet (Sverige), University of Turku og University of Eastern Finland (begge i Finland).
Læringsutbyte
Ein kandidat med fullført masterstudium i biomedisin skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter, og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om normale og patologiske cellulære og fysiologiske prosessar
- har avansert kunnskap om biomedisinske metodar
- har spesialisert fagleg innsikt tileigna gjennom arbeidet med masteroppgåva
- har god forståing for biomedisinsk forsking si rolle i dagens medisin
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan utvikle hypotesar og kritisk analysera metodar og resultat innan biomedisin
- kan produsera vitskapelege tekstar etter gjeldande etiske normer
- kan presentere hypotesar og resultat skriftleg og munnleg
- kan analysera og høva seg kritisk til ulike kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i biomedisin
- kan forklare fagfeltet biomedisin si rolle i dagens medisinske forsking
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan anvende kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område, for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske biomedisinske uttrykksformer
- kan kommunisere biomedisinske problemstillingar, analysar og konklusjonar på en vitskapeleg måte, både skriftleg og munnleg
- kan delta i diskusjon om biomedisinske emne med allmenta
- kan analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
Opptakskrav
Studiet er retta mot studentar som har ein bachelorgrad i biomedisin, molekylærbiologi, fysiologi, biokjemi, biologi, bioteknologi eller tilsvarande. Minstekrav for opptak er C i gjennomsnittskarakter på opptaksgrunnlaget.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng i relevante emne, der:
- Minimum 20 SP i celle-/molekylærbiologi
- Minimum 20 SP i kjemi og/eller biokjemi
- 40 SP i andre relevante emner som kan inngå er mellom anna: biologi, bioteknologi, anatomi, fysiologi, medisinske laboratorieemner, matematikk, informatikk, bildevitenskap, nanoteknologi og fysikk. Praktisk laboratorieerfaring i biokjemiske eller cellebiologiske metoder tilsvarende 10 SP
Alle søknader vert behandla individuelt. Vi mottar vanlegvis fleire søknader enn vi har plassar. Søkjarane vil då bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget, og tidspunkt for avlagt grad.
Utvelgelsen av studenter vil være basert på følgende kriterier:
- Dybde og relevans i utdanningen
- Akademiske resultater
- Engelskkunnskaper
- År for fullført akademisk grad (bør ikke være eldre enn 5 år). Unntak fra denne regelen kan vurderes på individuell basis.
Du må være fysisk i stand til å utføre praktisk arbeid i laboratoriet for å bli tatt opp til programmet.
Språkkrav: Søkjarar som ikkje har utdanning frå eit norsk universitet eller ein norsk høgskule må dokumentere tilstrekkelige engelskkunnskapar (sjå nettsida English language requirements for master's programmes taught in English | Education | UiB).
Du søkjer opptak via søknadsweb
Søknadsfrist er 15. april, med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finnes her:
Opptak til 2-årige masterprogram | Utdanning | UiB
Obligatoriske emne
- HELVIT300: Introduksjon til vitskapsteori og forskingsetikk
- BMED320: Metodar i medisinsk cellebiologi
Tilrådde valemne
- BMED326: Proteinstrukturbestemming, validering og analyse
- BMED330: Cellekommunikasjon og intracellulær signalering
- BMED331: Tumorbiologi
- BMED340: Cellulær og molekulær nevrovitenskap
- BMED365: Computatinal imaging, modellering og KI i Biomedisin
- BMED370: Berekningsmetodar for legemiddeldesign
- BMED380: Seminarserie
- CAREIN: Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D
- ELMED219: Kunstig intelligens og beregningsorientert medisin
- HUIMM307: Basic Course in Flow Cytometry
- HUIMM320: Basal immunologi
- HUMGEN301: Human Molecular Genetics
- HUPAT301: Basal humanpatologi
Rekkefølgje for emne i studiet
Masterprogrammet inneheld to hovuddelar: Det første året er sett saman av obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng. I løpet av det andre året arbeider studentane med eit praktisk forskingsprosjekt/masteroppgåve (60 studiepoeng).
1. semester
Obligatoriske emne innan etikk og metodar:
HELVIT300: Introduksjon til vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
BMED320: Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)
2. semester
Valfrie emne på til saman 30 studiepoeng i høve til ønska spesialisering.
3. og 4. semester
Sjølvstendige prosjekt, masteroppgåva (60 sp).
Kort tid etter studiestart vil vi informere om kva masteroppgåver som er meldt inn frå ulike forskingsgrupper. Alle kan og velje prosjekt på eigenhand, men prosjektet må godkjennast av programutvalet.
Delstudium i utlandet
Studentane vert oppmoda til å ta delar av mastergraden ved eit utanlandsk universitet. Masterprogrammet i Biomedisin er del av eit nordisk nettverk for masterprogram innan biomedisin som inkluderer Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland, Københavns Universitet i Danmark og University of Eastern Finland. Det er mogeleg å ta både emne, lab-prosjekt og deler av masteroppgåva ved desse institusjonane. Vi har og utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Ta tidleg kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biomedisin dersom du ynskjer utlandsopphald.
Les meir her: https://www.uib.no/biomedisin/110463/studentutveksling
Undervisningsmetodar
Førelesingar, demonstrasjonar, sjølvstudium, gruppearbeid, laboratoriearbeid.
Vurderingsformer
Typiske vurderingsformer vil være:
- Skriftleg (skule)eksamen
- Munnleg eksamen
- Heimeeksamen/skriftlege innleveringar
- Munnlege/praktiske presentasjonar
- Vurdering av laboratoriearbeid (praktisk)
- Avsluttande munnleg eksamen (mastereksamen)
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer:
- «bestått» / «ikkje bestått»
- Bokstavkarakterar med skalaen A- F
Bokstavkarakter er mest vanleg.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Studentar kan bestille vitnemål etter at graden er fullført på denne nettsida: https://www.uib.no/student/49024/vitnem%C3%A5l-og-karakterutskrift#bestille-vitnem-l-ved-oppn-dd-grad-
Grunnlag for vidare studium
Etter avslutta mastergrad kan du gå vidare med studium på doktorgradsnivå (PhD). Dette medfører løna stilling over tre eller fire år. Ei doktorgrad opnar for ein akademisk yrkesveg, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv. Vi gjer merksam på at det er høg konkurranse for doktorgradstipend.
Relevans for arbeidsliv
Ei mastergrad i biomedisin opnar for mange ulike yrkesvegar:
- Forsking ved doktorgradsstudiar (sjå også punktet over) og vidare akademisk karriere
- Laboratoriearbeid ved til dømes forskingsinstitutt, sjukehus, farmasøytisk industri .
- Undervisningsrelaterte stillingar
- Offentleg sakshandsaming.
- Helse-Miljø-Tryggleik (HMS) i privat og offentleg sektor.
- Forskingsformidling.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn du på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programutvalet i biomedisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet, ved Institutt for biomedisin.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet om du har spørsmål:
e-post: med-ibm-studiesaker@uib.no
Tlf: 55 58 60 24