Studieplan for MAMNFY-MÅLNANO Måleteknologi og nanofysikk, haust 2024
Namn på grad
Master i fysikk - Måleteknologi og nanofysikk
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i Måleteknologi og nanofysikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart - semester
Haust (Hovudopptak) og vår (suppleringsopptak)
Mål og innhald
Måleteknologi er ein viktig del av vår kvardag, og grensene for kva som kan målast blir stadig strekte ved å utnytte ulike kjemiske og fysiske eigenskapar, frå nano til makroskopisk skala, hos materiale til utvikling av fornybare energikilder, sensorar og instrument for ei rekkje bruksområde. Ny og forbetra måleteknologi for karakterisering av materialer på mikro og nanoskala spelar ei svært viktig rolle ved utvikling av fornybar energiteknologi.
Spesialisering i måleteknologi krev god kunnskap om fysikken bak dei ulike måleprinsippa, i tillegg til innsikt i prosessen som skal målast. Nye metodar og materiale gjer det mogleg å utvikle sensorar der ein kan trekkje meir informasjon ut frå kvar enkelt måling. Det blir fokusert på optiske og elektromagnetiske måleprinsipp. Det vert utvikla energiteknologi og målesystemer for fornybar energi, slik som solceller, regnceller og andre typar fornybare energisystemer. Det vert også utvikla sensorar og avbildningsystemer for karakterisering av partiklar og strukturar, frå mikroskopisk til nanonivå.
Arbeidsmetodane, som er ein viktig del av utdanninga, spenner frå teori og modellering til eksperiment og utvikling av prototypar. Dette blir gjerne utført i nært samarbeid med industri og andre institutt som Christian Michelsen Research AS, ofte i form av eksterne master- og doktorgradsprosjekt.
Masterprogrammet i måleteknologi gjer eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva vert analyserte målingar og resultata vert vurderte i lys av dei hypotesane som blir testa.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- kan forklare utvalde aktuelle eksperimentelle metodar og teknikkar innan måleteknologi
- kan vise at ein har avanserte kunnskapar innan måleteknologi på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan utføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- kan analysere problemstillingar i måleteknologi og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kan delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- kan gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
Opptakskrav
Masterprogrammet i fysikk, retning måleteknologi og nanofysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelor i matematikk, viss PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS118 er med i graden. Ett av emnene kan inngå i mastergraden.
- Bachelor i Klima, atmosfære- og havfysikk, viss PHYS112 OG PHYS118 eller PHYS119 er med i graden.
- Bachelor i nanofysikk, når emnene MAT112, PHYS114, MAT121 og MAT131 er valgt.
Utrekning av karaktersnitt
For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:
- INF100, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114. For studenter tatt opp fra og med høsten 2019 vil PHYS109 bli inkludert
- De to beste karakterene av emnene PHYS116, PHYS118 eller PHYS119
- De tre beste karakterene av MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
- Ingeniørutdanninger i elektronikk /automasjon/datateknikk, inkludert fordypningsemne i fysikk/matematikk 3 (Videregående matematikk og fysikk for data og elektro)
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
I tillegg til bachelorgraden er generell kompetanse i fysikk og matematikk nødvendig. Grunnleggande ferdigheter i programmering er også sterkt anbefalt.
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar: Ein emnedel på 60 studiepoeng og mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.
Emne: Emna PHYS205 «Elektromagnetisme II» og PHYS208 «Faststoff-fysikk» er obligatoriske. I tillegg kjem 40 studiepoeng med valfrie emne som vert valt i samråd med rettleiar.
Masteroppgåva: PHYS399 Masteroppgåve i fysikk er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leverast innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.
Tilrådd studieplan:
1. semester: PHYS208 - PHYS205 - valgemne
2. semester: valgemne - valgemne - masteroppgåve
3. semester: valgemne - masteroppgåve - masteroppgåve
4. semester masteroppgåve
Tilrådde valemne
40 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samrå med rettleiar.
Aktuelle valemne kan vere: HTEK201, HTEK202, HTEK301, PHYS206 «Statistisk fysikk», PHYS263 «Laboratoriekurs i optikk», PHYS264 «Atmosfærisk og marin optikk» eller PHYS271 «Akustikk», NANO161 og/eller spesialpensum.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og sjølvstudium. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Studiet avsluttas med ein presentasjon og munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn og vurdert.
Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Mastergrad i måleteknologi og instrumentering gjev mogelegheiter for forsknings- og utviklingsarbeid innan industri, næringsliv og forskningsinstitutt. Det er også moglegheiter for arbeid innan offentleg forvaltning og i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning). Ein mastergrad i målevitenskap kvalifiserer til eit ph.d.-studium i målevitenskap eller nærliggende fagfelt, som vil opne for undervisnings- og forskningsarbeid ved universitet, statlege høgskuler og forskningsinstitutt.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie.fysikk@uib.no
Tlf 55 58 27 66