Barnevern - heltid og deltid (master)

Barnevernet skal sikre barns rett til vern og omsorg. På master i barnevern lærer du å møte barn, unge og deira nettverk med god fagleg kunnskap, openheit og dialog. Undervisninga er samlingsbasert over 2 år. Du kan søke om å ta studiet på deltid.

Kva lærer du?

Barn og unge som treng hjelp frå barnevernet har ulike bakgrunnar, utfordringar og ressursar. Barnevernfagleg kompetanse byggjer på bidrag frå fleire fag, som psykologi, juss, pedagogikk, helsefremjande arbeid og sosiologi. Du lærer å bruke forsking og teori til å møte barn, unge og deira nettverk på ein respektfull og hjelpsam måte. 
Gjennom studiet tileignar du deg kompetanse til å kartleggje behov og gjennomføre tiltak i samarbeid med dei det gjeld. Du får innsikt i førebyggjande, ressursorientert og endringsorientert arbeid, samt handtering av saksbehandling og avgjerdsprosessar på ein kritisk og kunnskapsbasert måte. Du lærer å reflektere kritisk over eigen praksis og vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, regelverk og rettspraksis. Studiet gir deg verktøya til å forstå og forvalte verkemidla barnevernet rår over.

Studiekvardag

Master i barnevernsarbeid er eit fulltidsstudium på 2 år, med moglegheit for deltid. Undervisninga er samlingsbasert. Da kombinerer vi forelesningar med meir aktive læringsformer, som seminar og sjølvstendig oppgåveløysing. For å knytte samen teori og praksis jobbar vi med refleksjon rundt kasus og ulike former for ferdighetstrening.

I praksisemnet (tredje semester) får du erfaring med å arbeide saman med barn og familiar og med utviklingsarbeid på systemnivå. Den planlagde undervisninga utgjer berre ein del av studietida di i løpet av ei veke, resten av tida må du sjølv ta ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. 

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men ein del er på engelsk. Litteraturen er både norsk og engelsk. Vi holder til i Alrek Helseklynge, rett utanfor Bergen sentrum, men undervisninga kan også finne stad i andre lokalar ved UiB. 

Kva kan du jobbe som?

Med ein master i barnevern får du styrka kompetanse til å jobbe med barn, ung og familiar i barnevernet, men også på andre arena. Kompetansen er og relevant for arbeid med barn og unge si psykiske helse, i kriminalomsorga og for arbeid i barnehage og skole. Det er store krav til kunnskapsbasert praksis i dag og du vil få kompetanse til å jobbe med systemretta arbeid. Eksemplar på dette vil vara evaluering, utvikling av fagsystem, tiltaksutforming, osv.  Masteren kvalifisera også til arbeid i ulike kompetansemiljø, samt forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet består av seks obligatoriske emne på 15 studiepoeng og eit masteroppgåveemne på 30 studiepoeng. Det er et fulltidsstudium, men du kan også følgje ein deltidsprogresjon over 3 eller 4 år. Er du heiltidsstudent, tar du 30 studiepoeng per semester, mens på deltid tar du 15 eller 30 studiepoeng.

I nokon tilfeller vil det vere mogleg å innpasse relevant vidareutdanning. Ta kontakt med instituttet for meir informasjon.

Studieløp fulltid:

1. semester 

MABARN326 Barns utvikling og velferd (15 studiepoeng)  

MABVA402 Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslære (15 studiepoeng) 

2. semester  

MABARN329 Forsvarleg rettsbruk og rettstryggleik i barnevernet (15 studiepoeng) 

HEM303 Qualitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng) eller HEM304 Quantitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng) 

3. semester 

MABARN431 Endringsarbeid, tiltak og prosjektplanlegging (15 studiepoeng) 

MABARN435 Kunnskapsbasert barnevernfagleg praksis på individ- og systemnivå (15 studiepoeng) 

4. semester 

MABARN330 Masteroppgåve (30 studiepoeng) 

For forslag til deltidsstudieløp, sjå her.

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i barnevern får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kvalifiserar til vidare ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.
Les meir om phd-programmet her

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i barnevern