Hjem

Global utvikling: teori og praksis, master, 2 år

Masterprogrammet i global utvikling: teori og praksis (GLODE) gir deg grundig innsikt i globale utviklingsprosessar gjennom kritisk evaluering av relevante teoriar og berekraftig levekårsutvikling.
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (Haust)

Hovedinnhold

Poengrense norsk opptak  
2021 3,4
2022 3,72
2023 alle

Merknad: Frå hausten 2023 endrar programmet seg noko. For deg som starta hausten 2022 eller tidligere vil den utdanningsplanen du starta på gjelde til du er ferdig. 

Studiet har ein stor praksisdel. Dette omfattar gruppearbeid med ein organisasjon i Bergen for å løyse eit problem eller evaluere eit prosjekt. Studentane kan i tillegg vere praktikantar hos globale organisasjonar, kommunar eller små frivillige organisasjonar, i Noreg eller i utlandet.

Fleksibilitet

I eit internasjonalt studiemiljø gir GLODE-programmet deg en rekkje alternativ. For det første er det mogleg å velje spesialisering:

Spesialiseringa Helsefremjande arbeid gir deg kompetanse innan teori og praksis knytt til helsefremjande arbeid i samanheng med global utvikling.  Denne tilnærminga fokuserer på menneske og lokalsamfunn, slik at dei kan identifisere utfordringar så vel som ressursar og strategiar for å handtere dei. I tillegg til dette nedanfrå-og-opp-perspektivet skal helsefremjande tiltak sikre at helsekonsekvensar av ovanfrå-og-ned-tiltak blir vurderte på lokalt, nasjonalt og internasjonalt politisk nivå.

Kjønn innan global utvikling gir deg kompetanse innan kjønnsanalyse og feministisk analyse i ein global utviklingskontekst, inkludert postkoloniale perspektiv og teoriar om maskulinitetar.  Her set ein fokus på kjønnsmaktrelasjonar og sårbarheiter, og prosessar for myndiggjering og sosial endring.

For det andre kan du velje å opparbeide deg større innsikt og ferdigheiter i anten kvalitative forskingsmetodar eller statistisk analyse.

Meir informasjon under

Master i Global Development Theory and Practice

Produsent:
UiB

Kva kan eg bli

Ein mastergrad i global utviklingsteori og -praksis kvalifiserer deg for arbeid innanfor mange ulike bistandsorganisasjonar (FN, nasjonale utviklingsorgan og frivillige organisasjonar), i tillegg til nasjonal og lokal offentleg administrasjon.

Du opparbeider deg gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid og veit korleis du skal administrere team med medlemmar med ulik fagleg bakgrunn, og frå organisasjonar i lokalsamfunnet.

Nyutdanna vil òg vere kvalifiserte til å jobbe som forskingsassistentar både i industrien og i offentleg sektor.

Toppstudentar kan òg kvalifisere for opptak til doktorgradsprogram (ph.d.) ved universitet over hele verda.

Oppbygging

Programmet omfattar to studieår (fire semester) og startar om hausten.Følgende studieplan gjelder for studenter som startar høsten 2023:(For deg som starta hausten 2022 eller tidligere vil den utdanningsplanen du starta på gjelde til du er ferdig)

1. semester

  • GLODE300 Kritiske tilnærmingar til global utvikling (15 stp) (obligatorisk)
  • Anten GLODE308 spesialisering i kjønn innan global utvikling: Kjønnsanalyse innan global utvikling – kjerneperspektiv og problem (15 studiepoeng) (obligatorisk) eller GLODE309 spesialisering i helsefremjande arbeid: Innføring i helsefremjande arbeid (15 stp) (obligatorisk)

2. semester

  • GLODE311 Utviklingspraksis (15 stp) (obligatorisk)
  • Anten HEM303 kvalitative metodar og forskingsplanlegging (15 stp) eller HEM304 statistisk analyse og forskingsplanlegging (15 stp)

3. semester

  • Anten GLODE310 praksis (30 stp)
  • Eller ERASMUS utveksling tilsvarande 30 stp
  • Eller andre relevante emnar for programmet tatt ved UIB tilsvarande 30 stp

4. semester

Sjå oversikt over alle emne

Dette vil du lære

Med ein mastergrad i global utviklingsteori og -praksis kan du gjennomføre kritisk analyse innan feltet global utvikling, på både politisk og akademisk nivå. Du er òg i stand til å implementere og evaluere prosessane og resultata av utviklingstiltak i samarbeid med lokalsamfunn.

Fullstendig liste over læringsutbytte 

Utveksling

Dersom du vel alternativet med ei masteroppgåve på 30 SP pluss ei praktikantstilling på 30 stp, oppmodar vi det til å ta ei praktikantstilling i utlandet i eitt semester ved eit av universiteta vi samarbeider med eller hos ein organisasjon. Praksisen kan ein òg gjennomføre hos ein norsk organisasjon.

Det er ellers mogleg å reise på utvekling i tredje semester som alternativt til praktikantstilling på 30 stp.

Korleis søke

Følg retningslinjene for korleis du skal søkje, avhengig av kva for ei søkjargruppe du høyrer til:

Du må også oppfylle dei spesifikke opptakskrava for studieprogrammet