Politics and Governance of Global Challenges (master)

Politics and Governance of Global Challenges utforskar den komplekse fleirnivåstyringa av globale og gjenstridige utfordringar i vår tid, til dømes ulikskap, klimaendringar, migrasjon og pandemiar. Det er eit masterprogram som koplar teori med undervisning gjennom prosjektbasert læring.

Kva lærer du?

Gjennom programmet analyserer vi den historiske utviklinga av det transnasjonale systemet som handterer globale utfordringar. Vi undersøker interaksjonar mellom ulike aktørar på internasjonale, nasjonale og lokale arenaer, både offentlege og private. Studentar vil utvikle kunnskap globale utfordringar frå eit politikk- og styringsperspektiv, inkludert å arbeide for potensielle rettferdige og berekraftige løysingar på dei komplekse problema verda står overfor i dag.

Prosjektbasert læring er kjernen i programmet. Læringa koplar konseptuell og analytisk kunnskap med utvikling av studentane sine evnar til å forstå problem frå den verkelege verda. Studentane vil lære å analysere politikk og fleirnivåstyring av globale utfordringar, å utforme prosjekt, velje metodiske framgangsmåtar, og å formidle funn og politikkanbefalingar til ulike typar mottakarar, både akademikarar og praktikarar.

Studiekvardag

Det første semesteret blir studentane introdusert til globale utfordringar som fagleg tema og prosjektbaserte læringsmetodar, gjennom obligatoriske kurs i ulike teoretiske tilnærmingar til globale utfordringar, forskingsdesign og avansert kvalitativ metode.

Det andre semesteret held fram med eit obligatorisk kurs i avansert kvantitativ metode, eit av dei valfrie emna som blir tilbydd ved instituttet, før ein avsluttar semesteret med det andre programspesifikke teoriemnet. Mot slutten av det andre semesteret vert studenten tildelt ein mentor/rettleiar. 

Det tredje semesteret gir stor valfridom og fleksibilitet for studentane, og ein kan velje mellom praksis, sjølvorganisert emne, emne frå UiB si portefølje av masteremne, eller ein kan studere på utveksling i utlandet. Det fjerde semesteret er reservert for arbeid med masteroppgåva.

Kva kan du jobbe som?

Programmet gir relevant kompetanse for eit breitt spekter av karrierar, i offentleg og privat sektor, for nasjonalt og internasjonalt NGO-arbeid, og for akademiske karrierar. Programmet gjev særleg relevant kopmetanse for dei som ønskjer ein karriere kor ein arbeider med dei store utfordringane i vår tid, som klimaendringar, migrasjon, ulikskap, helse, matsikkerheit og meir.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrister:

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Programmet dekkjer to akademiske år (fire semester) og startar om hausten. Dei fleste studentane gjennomfører ei form for feltarbeid for masterprosjektet sitt.  

Første semester Obligatoriske kurs:  

GOV351 – Understanding Global Challenges: Theoretical Foundations (10 studiepoeng)  

GOV352 – Researching Global Challenges (10 studiepoeng)  

GOV353 – Kvalitative metodar (10 studiepoeng)  

Andre semester Obligatoriske kurs:  

GOV321 – Kvantitative metodar (10 studiepoeng)  

GOV355 – Conceptualizing Global Challenges: Theoretical Advances (10 studiepoeng)  

Valfrie kurs, vel 10 studiepoeng:  

GOV325 – Governing and making decisions (10 studiepoeng)  

GOV326 – Politisk organisering og fleirnivåstyring (10 studiepoeng)  

GOV327 – Kunnskap, politikk og styring (10 studiepoeng)  

GOV328 – Leadership in Organizational and Cultural Contexts (10 studiepoeng)  

GOV360-1 – Global: Globally Organized Crime and Network Analysis (5 studiepoeng)  

GOV360-2 – Global: Politics and Governance of Migration (5 studiepoeng)  

GOV360-3 – Global: Gendered Autocratization as a global challenge (5 studiepoeng)  

GOV360-4 – Global: China in Global Politics (5 studiepoeng)  

GOV360-5 – AI for good? The Global Governance and Politics of Technology (5 studiepoeng) 

GOV360-6 – Global: Politics and Child Portection (5 studiepoeng) 

GOV360-7 – Climate Politics: The Challenge of Autocratization and the Climate Emergency (5 studiepoeng)

Ein rettleiar blir oppnemnd for masterprosjektet ditt.  

Tredje semester  

GOV371 – Internship (30 studiepoeng), eller  

GOV372 – Sjølvorganisert emne og emne på tvers av UiB-studieprogram (for totalt 30 studiepoeng, der sjølvorganisert emne kan dekke 10 studiepoeng), eller  

Utveksling/ studiar i utlandet (30 studiepoeng)

Fjerde semester

GOV380 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Utveksling

Det er mogleg å studere i utlandet under programmet. Vi anbefaler utveksling i det tredje semesteret, som er spesielt utforma for utveksling og valfriheit.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein master i politikk og styring av globale utfordringar vil du kvalifisere for PhD-opplæring.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 98 50
E-post: studieveileder.gov@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master's programme in Politics and Governance of Global Challenges