Hjem

Manusutvikling for seriar, master, 2 år

Den internasjonale oppblomstringa av kritikarroste og populære TV-seriar er blant dei viktigaste utviklingstrekka på kulturfeltet dei siste tiåra. Nordisk-produserte TV-seriar er i vinden, og det er venta at det blir høg aktivitet innan TV-produksjon dei komande åra.
  • Lengde2 År
  • Plassar10
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Dette masterprogrammet er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat. Studiet gjer deg i stand til å utvikle idear og manus for ulike produksjonar for tv og web.  

På dette studiet er vi opptatt av å finne ut av  

  • Korleis fungerer ulike kreative prosessar og metodar?  
  • Korleis kan ein best organisere skrivearbeidet på ulike typar produksjonar og ulike typar serieformat?  
  • Kor foreinleg er kvalitet og popularitet, og kva er det ulike aktørar på marknaden er mest opptatt av?  

Det viktigaste du lærer på denne utdanninga, er å utvikle skriveferdigheiter og forteljingskompetanse. Dette gjer du i samspel med høgt kvalifiserte forskarar og nokon av landets fremste manusforfattarar. Kombinasjonen av høg akademisk kompetanse og høg praktisk kompetanse er unik for dette programmet. 

Du får kunnskap om korleis du finn og dyrkar fram idear og konsept for seriar. I tillegg lærer du å skrive profesjonelt for serieproduksjonar, og å bidra til nytenking om manusutvikling. 

Meir informasjon under

Studiekvardag 

Undervisninga finn stad i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medieselskap som TV 2, NRK, ITV Studios, og Bergens Tidende, samt ei rekke medieteknologiselskap. Dette gir studentane ein unik nærleik til mediebransjen. 

Undervisninga skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, rettleiing og sjølvstudium. I tillegg har vi nokre av dei fremste manusforfattarane i landet til å gjesteforelese, halde workshop og gi tilbakemelding på tekstane dine. Vi har blant anna hatt besøk av Odd-Magnus Williamson (Ingenting å le av), Henriette Steenstrup (Pørni), Siri Seljeseth (Unge Lovende), Lars Gudmestad (Julekongen, Helt perfekt, Neste sommer) og Bjørn Olaf Johannessen (Kampen for tilværelsen). 

Det er også sett av eigne veker til skriving på eiga hand. Sjølv om du har stor fridom, er det ein føresetnad at du aktivt møter opp gjennom studiet. Både utplassering og diverse skriveøvingar og seminar der studentane gir tilbakemelding påtekstane til kvarandre, er obligatorisk.

Kva kan du jobbe som? 

Med denne utdanninga kan du jobbe med manus på fiksjons- eller dokumentarproduksjonar for tv, web eller film, både i store organisasjonar og som sjølvstendig manusforfattar.  

TV-bransjen har i fleire år etterspurt ei satsing på utdanning i idé- og manusutvikling, etter at ein i aukande grad har forstått at kvaliteten på manus er avgjerande for kor vellukka eit serieprosjekt blir. Det er derfor stor interesse blant tv-kanalane for unge skrivetalent. Les om NRK-serien «Rykter», som har mobilisert kreative krefter frå masterutdanninga i manusutvikling for seriar. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging

Mastergradsstudiet i manusutvikling for seriar er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Det er ikkje mogeleg å ta studiet som fjernstudium eller nettstudium.     

Studiet er sett saman av to delar: ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve med utplassering på 60 studiepoeng.  

1. studieår 

  • MAN301 Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 studiepoeng) 
  • MAN302 Fordjuping i manusutvikling for seriar (30 studiepoeng) 

2. studieår 

  • MAN350 Utplassering og masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein fiksjonsserie eller dokumentarserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport der du reflekterer over det praktiske arbeidet.   

Du vel sjølv tema for det kreative skrivearbeidet og får hjelp med å utvikle ideane dine av faglærarar. Under skrivinga får du oppfølging av erfarne manusforfattarar og vitskapleg tilsette.  

Du kan ha utplassering som del av studiet, noko som gjer at du kjem tett på bransjen. Tidlegare studentar har for eksempel vore utplassert hos ITV og NRK. Utplasseringa avtaler du i samarbeid med faglæraren. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje lagt opp til at studentane kan reise på utveksling i løpet av dette masterprogrammet. 

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i manusutvikling kan du gå vidare og ta ein doktorgrad (ph.d.). 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 64

E-post: studieretteleiar.mcb@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her