Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i medie- og interaksjonsdesign

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mens tradisjonelle media distribuerer informasjon og redaksjonelt innhald som gjer det mogleg for opplyste borgarar å delta i den offentlege debatt, er det i dag ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingar, nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald. Som en konsekvens blir nye verdiar knytt til produkt, applikasjonar og system. Dei vil appellere til brukaranes kjensler og opplevingar, og kan innrettast på ei rekkje publikumsgrupper.

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign handlar om å laga teknologiske løysingar for mediebruk og medieproduksjon. Med fokus på brukarsentrerte perspektiv på korleis mediebrukarar samhandlar med medieinnhald og -teknologi, og på korleis medieprodusentar samhandlar med teknologi og verkty som hjelper deira praktiske arbeid, gjev masterprogram i medie- og interaksjonsdesign studentane ei bransjenær utdanning, som gjer dei i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til mediebrukarar og profesjonelle, og på denne måten utvikle effektive og engasjerande løysingar, inklusiv multiplattform-løysingar, mellom brukarar og media.

Studentane vil få moglegheita til å utforske etablerte så vel som innovative medieteknologiar og sjangrar, og vil få erfaring med ulike designmetodar knytt til nye media. Masterprogrammet er ei tverrfagleg utdanning basert på human-computer interaction (HCI), brukaroppleving- og publikumsstudiar, og eksperimentell utprøving av prototypar (mediedesign). Programmet vil gje studentane praktiske, analytiske, metodologiske og teoretiske ferdigheitar innafor interaksjonsdesign for digitale media.

Masterprogram medie- og interaksjonsdesign er eit teoretisk og metodisk forankra universitetsstudium som legg vekt på problembasert læring gjennom idéworkshops, teknisk opplæring, samarbeid i grupper, sjølvstendige studiar og akademisk refleksjon knytt til eigen og andre si praksis. Ytterlegare spesialisering skjer gjennom individuelt og kollaborativt arbeid knytt til masterprosjektet. Masterprosjektet er ein prototype, innhaldsproduksjon eller brukarstudie som blir akademisk evaluert gjennom ei individuelle eller gruppebasert masteroppgåve.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innan interaksjonsdesign og spesialisert innsikt innan interaksjonsdesign for mediefeltet.
  • har inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan interaksjonsdesign, med særleg forkus på mediefeltet.
  • kan analysere brukarmønster og kva mediebrukarar og praktikare treng når dei samhandlar med medieteknologi og -innhald.
  • kan analysere praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til media og medieteknologiens rolle i samfunnet.
  • ha spesialisert kunnskap innan eit særleg område, som til dømes programmering, evaluering, interaksjonsdesign, eller innhaldsdesign.
  • kan utvikle programvare for interaktive medieløysningar.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan skape og produsere ulike typar medieinnhald på ein sjølvstendig måte.
  • kan i tråd med teori og praksis i interaksjondesign utføre brukarstudiar for å evaluere interaksjonsløysingar for media på ein sjølvstendig måte.
  • kan utvikle løysingar i tråd med teori og praksis frå informasjonsvitskap på ein sjølvstendig måte.
  • kan analysere og kritisk vurdere korleis interaksjonsdesign virkar inn på brukarane si oppleving av media, og på bakgrunn av dette formulere faglege resonnement.
  • kan analysere og evaluere etiske og juridiske aspekt knytt til interaksjonsdesign for media.
  • kan planleggje og gjennomføre sjølvstendige eller teambaserte prosjekt knytt til prototypeutvikling for nytt medieinnhald og nye interaksjonsløysingar i media under rettleiing i tråd med teori og praksis frå interaksjonsdesign.
  • kan kritisk reflektere over eigen designpraksis og foreslå alternative tilnærmingar, og kritisk vurdere eiget og andre sitt arbeid innan HCI, interaksjonsdesign og mediedesign.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kritisk analysere interaksjon, medieteknologi og ulike typar medieinnhald.
  • kan utføre uavhengig arbeid og samarbeide i team med oppgåver knytt til utvikling og utføring av prosjekt innan medieproduksjon.
  • raskt omstille seg til nye utfordringar og tileigne seg ny profesjonell kunnskap, og nytte denne kunnskapen i uavhengig og kreativt arbeid knytt til design av brukaroppleving for media.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar innan interaksjonsdesign.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i medier, design, IKT eller liknande fagfelt.

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • Nye medier eller medie- og interaksjonsdesign
  • Informasjonsvitskap (dersom du har INFO262, INFO162 eller INFO263)
  • Digital kultur, medievitskap, TV-produksjon eller journalistikk (dersom du har INFO132, INFO134/INFO135 og INFO262/INFO162/INFO263)
  • Kognitiv vitskap (dersom du har INFO262/INFO162/INFO263 og INFO233/INFO134/INFO135).
  • Informatikk eller IKT (dersom du har tatt INFO262/INFO162/INFO263 og minimum 20 valfrie studiepoeng innan relevante samfunns- og humanvitskaplege fag, som for eksempel mediefag).
  • Annan grad innan samfunnsfag/humaniora frå UiB, kan kvalifisere til opptak dersom du har emne tilsvarande minimum 20 studiepoeng innan programmering og minimum 10 studiepoeng innan interaksjonsdesign.

Emna som er lista opp kan erstattast av emne med tilsvarande faginnhald

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar innan media, design, IKT eller liknande fagfelt, kan kvalifisere dersom du har emne tilsvarande minimum 20 studiepoeng innan programmering og minimum 10 studiepoeng innan interaksjonsdesign.

Du må også ha (generelle opptakskrav):

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i engelsk for dette studieprogrammet dekker du anten ved å ha karakteren 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåenda opplæring, eller ved å dokumentere engelskkunnskapane dine.

Obligatoriske emne

MIX301 Medieteknologi: teori og utvikling (15 sp)

INFO361 Advanced Topics in Human-Computer Interaction (15 sp)

MIX303 Prosjektdesign og feltstudiar (15 sp)

MIX350 Masterprosjekt i medie- og interaksjonsdesign (60 sp)

Rekkefølgje for emne i studiet

1.semester: MIX301 Medieteknologi: teori og utvikling (15 sp) og INFO361 Advaned Topics in Human-Computer Interaction (15 sp)

2.semester: MIX303 Prosjektdesign og feltstudiar (15 sp) og valemne frå masternivå INFO (15 sp)

3. og 4. semester: MIX350 Masterprosjekt i medie- og interaksjonsdesign (60 sp)

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisingsmetodane inkluderer seminar, workshops, individuell og gruppevis rettleiing, og praktisk arbeid (dvs. gruppearbeid, labarbeid, og utplassering hos eit medieselskap), kombinert med tilbakemelding på skriftleg og praktisk arbeid gjennom heile utdanninga. Deler av praksisarbeidet blir organisert i samarbeid mellom studentar og verksemder i mediebransjen.

Vurderingsformer

Masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign vurderer studentane gjennom ei prosjektskildring, praktiske produksjonar, mappevurdering, og ei akademisk masteroppgåve og tilhøyrande forsvar av denne. Kollaborativt praksisarbeid blir vurdert på bakgrunn av individuelle refleksjonsoppgåver.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen blir gitte anten

  1. som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. som ein bokstav etter skalaen A, B, C, D, E, F, der F er stryk.

Bokstavkarakterar er mest utbreidde

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Programmet kvalifiserer til PhD-studiar innan medieproduksjon, interaksjonsdesign, medievitskap, informasjonsvitskap og andre relaterte felt.

Relevans for arbeidsliv

Utdanninga sitt fokus på kombinasjonen mellom tradisjonelle og digitale media sikrar at studentane er godt førebua for ulike profesjonelle situasjonar og arbeidsoppgåver innan medie- og informasjonsbransjane, frå innhaldsproduksjon til teknisk arbeid.

Ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign gjer studentane kvalifisert til ein profesjon som interaksjonsdesignerar eller designarar for brukaroppleving (UX), med særleg kompetanse innan media og teknologi. Studentane er òg kvalifisert til jobbar innan kvalitetssikring, webdesign, front-end-utvikling, digital marknadsføring og konsulentarbeid knytt til digitale media. Ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer òg til forsking og undervising innan digitale media, medieproduksjon, interaksjonsdesign og design for brukaroppleving (UX).

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.