Sosiologi (master)

Masterprogrammet i sosiologi gir ei brei orientering i teoriar, ulike empiriske felt og metodiske tilnærmingar i faget. Med ein master i sosiologi får du ein allsidig fagleg, analytisk og metodisk kompetanse som samfunnet og næringslivet treng.

Kva lærer du?

På masterprogrammet i sosiologi får du ein kombinasjon av generell kunnskap i teori og metodekunnskap. I løpet av programmet får du kunnskapar og ferdigheiter i empirisk sosiologi. Det får du blant anna ved å bruke statistiske analyseteknikkar og kvalitative tilnærmingar. 

Ein student som tar masterprogram i sosiologi  

  • lærer å skaffe seg relevant informasjon om samfunnsspørsmål, å analysere desse med relevante metodar og teoretisk kunnskap, og å gi munnlege og skriftlege presentasjonar av resultata, basert på sakleg argumentasjon 
  • utviklar analytisk kompetanse og sjølvstendig vurderingsevne i møte med ulike samfunnsspørsmål 
  • har velutvikla forståing av kva som ligg til grunn for samfunnsvitskapleg kunnskap og om samfunnsforskinga sine etiske reglar 
Studiekvardag

Masterprogrammet held til på Sosiologisk institutt på SV-fakultetet. Det første året  skal du innom både kvalitativ og kvantitativ metode i tillegg til sosiologiske teoritradisjonar og analyse.  Studiet er sett samen av forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Dei to første semestra vil det vere mest forelesingar og seminargrupper (om lag 4-8 timar pr veke). Dei to siste semestra består av arbeid med masteroppgåva.  

Første semester blir du orientert om forskingsprofilar og faglege interesseområde til dei vitskapleg tilsette. Sjølve masteroppgåva strekker seg over to semester. Du får rettleiing i utforminga av prosjektskissa og i arbeidet med masteroppgåva. I arbeidet får du fast plass på lesesalen for masterstudentane.  

Om du skriv masteroppgåve med tema innanfor eit av instituttets profilområde, kan du bli knytt til ei av forskargruppene ved instituttet.

Kva kan du jobbe som?

Vanlege arbeidsplassar etter fullført master i sosiologi er: 

  • Administrativt arbeid i kommunar, fylkeskommunar og stat 
  • Bedriftsutvikling 
  • Internasjonalt arbeid  
  • Arbeid i departement 
  • Politikk 
  • Utdanning og opplæring 
  • Forsking 
  • Ideelle organisasjonar 
  • Prosjektarbeid 
  • Informasjons- og kommunikasjonsarbeid 

Med masteroppgåve kan du fordjupe deg innanfor tema i sosiologien som du er interessert i, og rette oppgåva inn mot ønska karrierevegar.  

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt."

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Mastergraden i sosiologi har fem obligatoriske emne (50 studiepoeng), eit valfritt emne på 10 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.  

1. semester, haust 

SOS302 – Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)

SOS304 – Metode – kvalitative tilnærmingar (10 studiepoeng) 

Vel eit valemne:  

SOS320 – Velferd, ulikskap og livsløp (10 studiepoeng) 

SOS321 – Migrasjon, integrasjon og mobilitet (10 studiepoeng) 

SOS322 – Arbeid, klasse og utdanning (10 studiepoeng) 

 2. semester, vår 

SOS301 – Sosiologisk analyse (10 studiepoeng) 

SOS303 – Metode – statistisk analyse (10 studiepoeng) 

SOS340 – Prosjektutvikling (10 studiepoeng)  

 3. semester og 4. semester  

SOS360 – Masteroppgåva (60 studiepoeng) 

Utveksling

Du kan ta delar av utdanninga di utanlands, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden.  

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som er mogleg å gjennomføre på masternivå.  

Slik reiser du på utveksling 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Du kan bli lektor om du tar eit år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag. Svært mange sosiologar arbeider som lektorar i vidaregåande utdanning.

Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: + 47 55 58 98 59
E-post: studieveileder@sos.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i sosiologi