Systemdynamikk - Modellbasert samfunnsplanlegging (master)

I ei kompleks verd som stadig er i utvikling treng vi teoriar, metodar og verktøy til å hjelpe oss å forstå, administrere og kommunisere effektivt. Systemdynamikk studerer korleis og kvifor ting blir endra over tid.

Kva lærer du?

Med ein mastergrad i systemdynamikk vil du forstå:

  • ibuande utfordringar med å forstå dynamikken i sosiale system
  • systemdynamikkparadigmet og alternative analysemetodar
  • systemdynamikkapplikasjonar til problemløysing i offentleg og privat sektor 

Korleis utviklar vi eit solid sett med retningslinjer til å underbygge avgjerder som til saman bidrar til vellykka strategi, og som igjen fører til gunstig utvikling over tid?

  • Kva politikk gir mest gunstig utvikling over tid?
  • Korleis unngår vi å basere strategiar, politikk og avgjerder på feiloppfatningar? Korleis vurderer vi konsekvensane av desse, før dei blir iverksett i den sosiale konteksten?
  • Kva er den breiare verknaden av våre avgjerder over eit lengre tidsrom?

For å svare på slike spørsmål får du opplæring i utvikling av simuleringsmodellar.

Studiekvardag

Dette er et fulltidsstudium som vil krevje fokus på det faglege, men det er også et levende studentmiljø med uformelle samlingar og nye venner.

I ei vanlig veke, både online og på campus, vil du være opptatt med å diskutere og samhandle med medstudentar og professorar i og utanfor forelesingar. Det er forelesingar, lab og oppgåver gjennom heile veka. Vi bruker klientbaserte casestudiar og toppmoderne læringsteknologi.

Det er forventa høg grad av samarbeid med medstudentar, men også at ein skriv oppgåver individuelt. Fordelinga mellom lesing og praktisk arbeid i programmet er ca. 35/65.

Som student i systemdynamikk vil du mesteparten av tida opphalde deg ved Institutt for geografi, som ligg i Bergen sentrum. Det er lesesalar og datalabar øyremerka masterstudentar. Pensumlitteraturen vil vere tilgjengeleg digitalt gjennom UiBs bibliotekavtalar.

Kva kan du jobbe som?

Våre tidlegare studentar jobbar i akademia og forskingsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar og selskap, frivillige organisasjonar og konsulentselskap og større private og offentlege verksemder. Altså alle organisasjonar som står overfor komplekse, dynamiske utfordringar.

Med mastergrad i systemdynamikk vil du ha tileigna deg eit eineståande sett med ferdigheiter innan metodar, teknikkar og verktøy som går på tvers av disiplinar og sektorar. Du vil kunne bruke desse ferdigheitene til å betre kommunikasjonen gjennom kunnskapsframkalling og formidling; kunnskapsorganisering og -lagring.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

1. semester

GEO-SD302 – Fundamentals of System Dynamics (10 studiepoeng)

GEO-SD303 – System Dynamics Modeling and Analysis (10 studiepoeng)

GEO-SD304 – System Dynamics Modelling Process (10 studiepoeng)

2. semester

GEO-SD308 – Model-based Policy Design and Analysis (10 studiepoeng)

GEO-SD311 – Analytical methods and advanced modelling (10 studiepoeng)

GEO-SD325 – Client Based Modelling (10 studiepoeng)

Følgande kurs kan erstatte eit 2. og 3. semester-kurs, med gokjenning frå instituttet:

GEO-SD322 – Special Topics in System Dynamics, Policy (10 studiepoeng)

GEO-SD323 – Special Topics in System Dynamics, Applications (10 studiepoeng)

GEO-SD324 – Special Topics in System Dynamics, Methodology (10 studiepoeng)

3. semester

GEO-SD306 – Dynamic Complexity and Decision Experiments (10 studiepoeng)

GEO-SD309 – Model Based Interactive Learning Environments (10 studiepoeng)

GEO-SD310 – Writing course and project description (10 studiepoeng)

4. semester

I siste semester skriv du masteroppgåva di (GEO-SD351, 30 studiepoeng). Du får tildelt ein rettleiar som støttar deg gjennom skriveprosessen. Du er også inkludert i aktivitetane til forskingsgruppa for systemdynamikk.

I oppgåva di får du sjansen til å spesialisere deg ytterlegare innan ditt valte felt.

Sjå vår liste over tidlegare masterema for å få ein ide om variasjonane og moglegheitene.

Dersom masterprosjektet ditt krev vesentleg, tidkrevjande empirisk arbeid, kan du søke om å få skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i semester 3 vil då bli erstatta av GEO-SD350 Masteroppgåve i systemdynamikk (60 studiepoeng) i semester 3 og 4.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i andre eller tredje semester. Du kan dra til Palermo, Lisboa eller Nijmegen.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i systemdynamikk kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: advice.systdyn@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i Systemdynamikk (Modellbasert samfunnsplanlegging)

Lenke til video