
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Har du utdanning innan kunst, musikk eller design, og lyst til å bli lærar? Da kan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) være det rette for deg! OBS: Ny studieplan trer i kraft hausten 2025. Om ikkje ny studieplan er publisert, er det informasjonen på denne sida som er rett for hausten 2025.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i kunst, musikk og design er et studium som gir deg formell lærarkompetanse for grunnskole, vidaregåande skole og kulturskole. Studiet bygger på ein fullført bachelorgrad i skapande kunst eller design, eller i utøvande musikk eller komposisjon. På studiet lærer du:
Undervisninga skjer på dagtid og omfattar fellesundervisning, smågruppeundervisning, seminar, workshop, individuell rettleiing og kontinuerleg rettleia praksisopplæring. Studentaktive arbeids- og undervisningsformer blir vektlagt. Undervisninga i pedagogikk er felles for begge studieretningane, mens didaktikkundervisninga er delt for dei to studieretningane.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. I praksisopplæringa er det krav om 100 % frammøte.
Praksis har eit arbeidsomfang tilsvarande 60 arbeidsdagar og skal ha kontinuerleg rettleiing i autentiske yrkessituasjonar med elevar. Praksis kan vere lagt på dag- og kveldstid, og i helger i samband med konsertar og prosjekt.
Studiet gir formell undervisningskompetanse til arbeid i grunnskule, vidaregåande skole og kulturskole. I tillegg gir PPU kompetanse for å undervise og formidle i Den kulturelle skolesekken, på museum,i galleri og i det frivillige musikklivet.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning ved KMD må du ha ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget.
Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet kan ta PPU som ein integrert del av bachelorgraden over 3. og 4. år.
Undervisningsspråk: Norsk
Norsk
Rekkefølge for emne i studiet (emnekode i parentes)
Fulltid
1. semester:
Praktisk-pedagogisk utdanning 1 (KMDPPU1)
Praktisk-pedagogisk utdanning 3 (KMDPPU3)
Praksis for PPU musikk (MUPRA210) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA210)
2. semester:
Praktisk-pedagogisk utdanning 2 (KMDPPU2)
Praktisk-pedagogisk utdanning 4 (KMDPPU4)
Praksis for PPU musikk (MUPRA210) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA210)
Deltid
1. semester:
Praktisk-pedagogisk utdanning 1 (KMDPPU1)
Praksis for PPU musikk (MUPRA211) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA211)
2. semester:
Praktisk-pedagogisk utdanning 2 (KMDPPU2)
Praksis for PPU musikk (MUPRA211) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA211)
3. semester:
Praktisk-pedagogisk utdanning 3 (KMDPPU3)
Praksis for PPU musikk (MUPRA211) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA211)
4. semester:
Praktisk-pedagogisk utdanning 4 (KMDPPU4)
Praksis for PPU musikk (MUPRA211) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA211)
Spesialiseringar i denne graden.
Det er ingen utveksling på PPU.
Det er ingen vidare studiemoglegheiter med utgangspunkt i PPU
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.