Hjem

Informatikk, årsstudium

Årsstudium i informatikk er eit IT-studium for deg som er i arbeid og vil supplere utdanninga di. Studiet er også for deg som kjem rett frå vidaregåande skole og ikkje veit kva du vil studere vidare. Her får du ein smakebit på kva som ventar på eitt av våre bachelorprogram.
  • Lengde1 år
  • Ordinær62
  • Primær36,2
  • Plassar30
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Påmelding til undervisning (IGANG): Etter at du har takka ja til studieplass skal du registrere deg til undervisning via IGANG. Du blir då registrert til emne som du skal ha undervisning og ta eksamen i haust. Når du registrerer deg, vel du samstundes om du vil delta i mentor- og faddergruppe. Frist for å registrere deg i IGANG er 24. juli.  

Oppfriskingskurs i matematikk: I veke 32 tilbyr me oppfriskingskurs i matematikk. Kurset er frivillig, men vi tilrår deg å melde deg på og delta på dette.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite før studiestart, finn du i UiBtreet. I slutten av juli fekk du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang. Før du får tilgang, kan du halde deg oppdatert på «Velkommen som ny student». Dersom du melder deg på mentorordninga, vil mentoren din ringe deg i veke 32 for å ynskje deg velkommen. Mentoren din kan også svare på enkle studierelaterte spørsmål. 

Frammøte: Studiestart er måndag 12. august kl. 08.45 på Realfagsbygget. Vi tilrår at du møter.

Studieprogrammøte for nye studentar i veke 33 er obligatorisk. Finn tid og stad for møtet. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no.

Følg oss på sosiale medier: 

@realfaguib på Instagram og TikTok!

@fadderstyretmatnat på Instagram

 

Ny realfagstudent ved UiB

Produsent:
UiB

Kva lærer du? 

På årsstudium i informatikk lærer du å  

  • lage enkle program i Python og Java 
  • delta i større programutviklingsteam 
  • gjere bruk av dei grunnleggande prinsippa for databasar 
  • kommunisere med andre yrkesgrupper om tema innan IT og programmering 

Studiekvardag 

Årsstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. 

I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement. 

Kva kan du jobbe som? 

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan vere kvalifisert til alle bachelorprogram ved Institutt for informatikk. For jobbmoglegheiter med ein bachelorgrad, sjå studieprogramsidene for dei enkelte bachelorprogramma. 

Det er ofte tidlegare eller vidare studium som avgjer kva slags jobb du får, men informatikkstudiet gir deg ekstra tyngde innan IT.  

Du kan fungere som eit bindeledd mellom IT-personell og dei med fagspesifikk kunnskap, og dermed skilje deg ut på jobbmarknaden. 

Opptakskrav og søknadsfrist

Generell studiekompetanse og MATRS:

Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2.

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Årsstudiet i informatikk er eit eittårig fulltidsstudium som startar i august. 

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.   

Slik er studiet lagt opp:    

1. semester   

2. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med årsstudium i informatikk kan du vere kvalifisert til våre bachelorprogram ved Institutt for informatikk. Du kan òg søke intern overgang til eitt av desse.  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen