Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-INFBI Bioinformatikk, haust 2024

Namn på grad

Mastergrad i informatikk - bioinformatikk

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i bioinformatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Mål og innhald

Mål:

Masterstudentar i informatikk med studieretning bioinformatikk har etter fullført studie monalege kunnskapar og ekspertise innan bioinformatikk, systembiologi, analyse av molekylærbiologiske data, så vel som ekspertise innan relatert programmering.

Bioinformatikk er eit interdisiplinært fagområde som gjev studentane overblikk over spesialiserte områder som medisin og biologi. Gjennom masterstudiet får studentane ein grundig introduksjon til vitskaplege arbeidsprinsipp, som til dømes å gjere greie for nyaste forsking i faget og å kunne presentere sitt eige arbeid.

Innhald:

Bioinformatikk er eit fagområde med veksande relevans innan molekylær livsvitenskap. Avanserte algoritmer og metodar frå maskinlæring og data-analyse blir brukt til å prosessere og analysere store og komplekse datasett. Data kan vere ulike målingar, til dømes frå sekvensering av DNA og RNA eller målingar av protein-aktivitet. Molekylærbiologiske data skal ofte analyserast saman med høgare-nivå informasjon om til dømes sjukdom, respons på medisin eller andre parametrar.

Innan bioinformatikk utviklar og nytter vi metodar for å prosessere, analysere og presentere molekylærbiologiske data. Dømer på bioinformatikk er innan persontilpassa medisin prediksjon av respons på medisin, innan økologi analyse av miljø-data knytt til forureining.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan forklare det teoretiske grunnlaget for grunnleggjande bioinformatiske metodar, og drøfte og grunngje val av metodar for å løyse aktuelle problem
  • Kan gjere greie for og drøfte teori og/eller vitskaplege artiklar innan valde, vidaregåande emne innan bioinformatikk og eventuelt tilstøytande fagfelt
  • Kan syne at ein har avansert kunnskap innanfor informatikk generelt, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område innan bioinformatikk knytt til mastergradsprosjektet
  • Har tilstrekkeleg kunnskap innan eit biologisk fagfelt (t.d. molekylærbiologi) til å kunne jobbe i interdisiplinære samarbeid

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan utvikle program for å gjennomføre bioinformatiske analyser
  • Kan bruke sentrale databasar, verktøy og programmeringsbibliotek innan bioinformatikk
  • Kan planleggje og gjennomføre analysar av verklege eller simulerte molekylærbiologiske data og vurdere resultata i lys av hypotesane som blir testa
  • Kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • Kan hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet
  • Kan analysere og halde seg kritisk til vitskaplege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan bioinformatikk
  • Kan analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av metodar og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • Kan framstille vitskaplege tema og forskingsresultat på ein god måte både skriftleg og munnleg.
  • Kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor bioinformatikk, både med spesialistar og til ålmenta
  • Kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • Kan demonstrere forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og kva det å skilje mellom kunnskap og meiningar tyder.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne (ikkje STAT100). INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Det er sterkt tilrådd med grunnleggjande emne i bioinformatikk (tilsvarande BINF100 og BINF200), statistikk og maskinlæring samt lineær algebra.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Det er mogleg å skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng.

Tilrådd studieplan

4. semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve

3. semester BINF305 Oppgåve Oppgåve

2. semester BINF301 Val/STAT200 Oppgåve

1. semester INF234 BINF201 Val

Emnedelen

Fire emne er obligatoriske i emnedelen av masterstudiet:

INF234 Algoritmar

BINF201 Innføring i omics

BINF301 Genom-skala algoritmar

BINF305 Systembiologi

Dessutan er MOL100 Innføring i molekylærbiologi, sterkt tilrådd.

Dei andre emna i emnedelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Masteroppgåva: INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. (Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande). Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Det er sterkt tilrådd at MOL301 Biomolekyl, eller MOL100 Innføring i molekylærbiologi inngår. I tillegg er STAT200 Anvendt statistikk tilrådd. Andre emner kan veljast i samråd med rettleiar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet.

I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med rettleiaren skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ein framdriftsplan med oversikt over emne og milepålar i arbeidet med oppgåva.

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gje råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva blir ein bokstavkarakter nytta.Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Arbeidsmarknaden i bioinformatikk i Noreg er førebels mest knytt til akademia. Feltet er under oppbygging ved dei fleste norske universitet, og i tillegg vil større biologiske/medisinske sentre ha behov for bioinformatikarar. Internasjonalt er etterspørselen stor, både i akademia og i legemiddel/bioteknologisk industri. Kandidatar vil òg vere kvalifisert til informatikkjobbar generelt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf 55 58 40 25