Helse og omsorg for born i Bolivia, Colombia og Peru
Helga Bjørnøy Urke disputerer 31.05.2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Child health and child care of very young children in Bolivia, Colombia and Peru”.
Hovedinnhold
I Bolivia, Colombia og Peru lever mange born i økonomisk og sosialt sårbare kontekstar som kan hindre viktig omsorg og helse. Målet med avhandlinga er, gjennom tre delstudiar, å undersøke variasjonar i helse og omsorg for born 0-5 år, basert på ei rekke demografiske og sosiale faktorar i Bolivia, Colombia og Peru.
Den første delstudien omhandlar trendar i kronisk feilernæring og overvekt blant born i Peru frå 1991 til 2011. Funn viser nedgåande trendar i kronisk feilernæring i Peru nasjonalt, og på tvers av dei fleste sosiale grupper. Det er imidlertid betydelege skilnader i nivå av kronisk feilernæring mellom grupper. Til dømes var 20% av alle born under 5 år kronisk underernærte i 2011, medan delen feilernærte born av mødre i den lågaste utdanningsgruppa var 60%. Delen overvektige born låg stabilt på ca. 10% over perioden, men hadde ei stigande utvikling blant dei med høgst velstand og i urbane område.
Den andre delstudien undersøker faktorar som kan ha samanheng med utøving av omsorg for born 0-2 år i Colombia. Resultata viser at mors utdanning og moglegheit til medbestemming, hushaldningsvelstand og deltaking i eit utviklingsprogram for born har samanheng med høgare skår på omsorgsmålet. Styrken på desse samanhengane varierer imidlertid med om barnet bur i urbane eller rurale område.
Den tredje delstudien undersøker i kva grad vold mot mor utøvd av partnar heng saman med fysisk helse hos born. Resultata viser at uavhengig av sosioøkonomisk status og ulike omsorgsvariablar, er vold ein risikofaktor for eitt eller fleire symptom på sjukdom hos born i Bolivia og Peru, men ikkje i Colombia. Basert på funna som viser sosial skilnad i omsorg og helse blant born, konkluderer studien med at ein må vere varsam med å generalisere funn frå nasjonalt nivå til gruppenivå. For å støtte familiar i realisering av helse- og utviklingspotensialet til borna deira, må innsats involvere både indirekte strategiar som reduserer sosiale skilnader, og direkte strategiar som til dømes helse- og omsorgstiltak i lokalsamfunn.
Personalia:
Helga Bjørnøy Urke, fødd 1985, er frå Sykkylven. Ho har bachelorgrad i folkehelse og helsefremjande arbeid, og Master of Philosophy in Health Promotion frå Universitetet i Bergen. Ho har vore stipendiat ved HEMIL-senteret, UiB i perioden 2012-2016. Hovudrettleiar for avhandlinga har vore Maurice Mittelmark.