Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Verktøy for betre behandling av livmorkreft

Tina Fonnes disputerer 30.11.18 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Preclinical models and molecular biomarkers – tools to improve treatment in endometrial carcinoma".

Hovedinnhold

Livmorkreft er ei av dei vanlegaste formene for kreft hjå norske kvinner. 774 nye tilfelle vart diagnostisert i 2016, og førekomsten er forventa å auke i åra som kjem. Livmorkreft vert behandla kirurgisk, og vil i mange tilfelle kurere sjukdommen. Dessverre er det slik at ein del pasientar får tilbakefall, og desse har dårleg prognose. For å betre overlevinga er det behov for nye og meir målretta behandlingar. Det er også behov for biomarkørar som kan bidra til å identifisere pasientar med høg risiko for tilbakefall, slik at desse kan fangast opp og behandlast tidleg. Representative sjukdomsmodellar er derfor viktige verktøy for å studere nye biomarkørar og behandlingsalternativ for livmorkreft.

Gjennom sitt doktorgradsarbeid har Fonnes utvikla relevante musemodellar for livmorkreft, samt demonstrert at ein kan nytte avansert billeddiagnostikk til å følgje sjukdomsutvikling i desse. Kandidaten har også etablert ein antistoff-basert billeddiagnostisk protokoll som kan nyttast til å vurdere respons på behandling i prekliniske studier. Dette arbeidet legg til rette for framtidige studier av skreddarsydde behandlingsalternativ for livmorkreftpasientar.

I to andre publikasjonar har Fonnes studert førekomsten av proteinet ASRGL1 i svulstar frå pasientar med livmorkreft. Kandidaten finn at låge nivå av dette proteinet er forbunde med aggressiv kreftsjukdom og dårleg overleving. Lågt uttrykk av ASRGL1 i preoperative vevsprøvar vert også knytta til auka risiko for at kreften har spreidd seg til lymfeknutar. Desse funna indikerer at ASRGL1 er ein solid biomarkør for aggressiv livmorkreft, som kan nyttast til å identifisere pasientar som kan ha nytte av meir omfattande behandling – allereie før operasjon.

Personalia

Tina Fonnes (f.1988) er utdanna veterinær (cand.med.vet) frå Norges veterinærhøgskole. Doktorgradsarbeidet hennar er utført i Bergen Gynekologiske Kreftforskningsgruppe ved Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen, med Prof. Camilla Krakstad som hovudrettleiar, og Prof. Emmet McCormack og Prof. Bjørn Tore Gjertsen som birettleiarar.

Prosjektet har vore finansiert av Centre for Cancer Biomarkers og Bergens Forskningsstiftelse.