Små fossilar viser store endringar i havet
Evangeline Sessford disputerer fredag 14.06.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Hydrography in the Nordic Seas During Dansgaard-Oeschger Events 8-5".
Hovedinnhold
Kor stabilt er klimaet og kor raskt kan det endre seg? Dei beste prova på plutselege klimaendringar har vi frå periodar under siste istid der temperaturen over Grønland plutseleg endra seg med ti grader og meir på nokre få tiår. For å finne ut om slike endringar kan oppstå i Arktis i dag, må vi forstå mekanismane bak dei brå klimaendringane i fortida. Dette er tema for Sessfords avhandling, med heilt ny kunnskap om det som skjedde under dei brå endringane i istida.
Sessford målte «proxyar» som fortell om dei nordiske hava sine vassmassar i fortiden, i to sedimentkjerner; ei på 700 meters djupne i Danmarkstredet mellom Grønland og Island, og ei på 1500 meters djupne i Færøy-Shetlandkanalen om lag 100km vest for Ålesund. Dei nordiske hava som er avgrensa i sør av Grønland-Skottlandryggen, har berre to kanalar der vatn kan strøyme inn og ut. Ved å undersøke sedimentkjerner frå begge desse kanalane, kunne Sessford danne seg eit bilete av dei nordiske hava sin hydrografi, særskilt temperaturendringar, langt tilbake i tid.
Resultata viser gjentatt og plutseleg oppvarming opp til 5 °C og nedkjøling til -1 °C på tvers av dei nordiske hava, fleire gongar over ein periode på 10 000 år. Desse oppvarmingane og nedkjølingane har halde same fart som store og brå lufttemperaturendringar over Grønland.
Sessford har påvist at vatnet i det midtre laget av vassøyla i dei nordiske hava var varmare når Grønland var kaldt og kaldare når Grønland var varmt. Resultata tyder på at auka oppvarming djupt under sjøisen i kalde periodar gjorde vassøyla ustabil, noko som kan ha ført til at sjøisen smelta og trekte seg tilbake, slik at temperaturen i atmosfæren over Grønland brått auka i starten av dei varme periodar. I dag ser vi tilsvarande mekanismar i Polhavet der varmt atlantisk vatn strøymer inn djupt nede og forstyrrar lagdelinga av vassøyla, noko som leiar til at meir av havisen smeltar, og lufttemperaturen går opp.
Personalia
Evangeline Sessford vaks opp i Canada. Ho tak mastergaden sin i kystfokusert geomorfologi ved Universitetet i Oslo og Universitetsenteret på Svalbard. Doktorgradsarbeidet blei gjennomført ved Institutt for Geovitskap ved Universitetet i Bergen/Bjerknessenteret som del av prosjektet ice2ice, finansiert av European Research Council (ERC). Rettleiarar har vore Prof. Eystein Jansen (UiB), Dr. Bjørg Risebrobakken (NORCE), Dr. Amandine Tisserand (NORCE).