D-vitamin, luftvegsinfeksjonar, anemi, vekst og utvikling hos små barn frå New Delhi
Dr. Ranadip Chowdhury forsvarer den 12.8.2020 sin doktorgrad ved Universitetet i Bergen med avhandlinga " Vitamin D status and child health, growth, and neurodevelopment".
Hovedinnhold
Vitamin D-mangel er ein av dei mest oversette formene for underernæring i verda. Dyrestudier har vist at vitamin D er viktig for immunsystemet, blodet, vekst og nevrologisk utvikling, i tillegg til dei meir kjente effektane på bein. Mesteparten av funksjonane til D-vitaminet er faktisk utanfor skjelettet: Vitamin D-reseptorar finst også mange andre stader i menneskekroppen, slik som i tarmen, nyrer, luftvegsepitel og i hjernen.
Dr. Chowdhury brukte data frå ein randomisert, placebokontrollert studie med 1,000 nordindiske barn som var 6 til 30 månader gamle og ein oppfølgingsstudie som vart utført då barna var 6 til 9 år gamle. Detaljert informasjon om barnets helse, heimesituasjon, ernæringsstatus, infeksjonssjukdomar, vekst og hjerneutvikling målt på ulike tider i barndommen, gav ei utmerkt moglegheit til å testa ulike hypotesar rundt konsekvensar av vitamin D mangel. Omtrent 35% av barna hadde D-vitaminmangel (<10 ng / ml) i tidleg barndom, og dette var forbunden med auka risiko for nedre lufvegssjukdom og moderat anemi (Hb 7 til 9,9 g / dl). D-vitaminmangel var derimot ikkje assosiert med nevrologisk utvikling og vekst i tidleg barndom (6-30 månader) eller ved skulealder (6 til 9 år).
Det ser altså ut som at vitamin D kan spela ei rolle med tanke på infeksjonar og anemi. Men det ser ikkje ut til at det betyr noko i forhold til nevrologisk utvikling og vekst i denne populasjonen. Rolla til vitamin D ved infeksjonar og anemi burde stadfestast i randomiserte kontrollerte studiar som er retta mot barn med vitamin D-mangel før ein setter i gang tiltak for å betre status.
Personalia
Dr. Ranadip Chowdhury er lege og arbeider til vanleg ved Center for Health Research and Development, Society for Applied Studies i New Delhi, India. Han vart utdanna ved Nil Ratan Sircar Medical College i Kolkata, India i 2008 og fekk sin spesialitet i samfunnsmedisin (Public Health) ved R.G. Kar Medical College, Kolkata, India i 2013. Doktorgradsavhandlinga vart utført ved Senter for Internasjonal helse som er ein del av Institutt for Global Helse og Samfunnsmedisin ved det medisinske fakultetet med Dr. Tor A. Strand som hovudrettleiar og Dr. Sunita Taneja og Dr. Ingrid Kvestad som bi-rettleiarar.