Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis styra høgare utdanning når «alle» skal studera?

Hanne Kvilhaugsvik disputerer 16.6.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Governing massified higher education".

Hovedinnhold

Dei siste tiåra har talet på studentar i høgare utdanning stige kraftig. Dette har gitt nye utfordringar for styringa av sektoren, særleg med tanke på kvaliteten i undervisinga og om studentane får relevant jobb etterpå. Fleire nye instrument har derfor blitt innførte for å sikra kvalitet og relevans, og denne avhandlinga undersøker korleis slike instrument har blitt forma i Norden. Innanfor høgare utdanning utmerker dei nordiske landa seg fordi ein har kombinert brei tilgang med høg offentleg finansiering. Utdanningane er også i hovudsak organiserte ved offentlege institusjonar, som gir høve for offentleg styring.

Avhandlinga er sett saman av fire artiklar, som tar for seg tre instrument for kvalitet og relevans: læringsutbytte, arbeidslivspanel og kvalitetssikring. Desse instrumenta særmerker seg fordi dei krev meir innsyn i undervising og organisering av emne og studiar samt meir strukturert samarbeid med arbeidslivet. Artiklane undersøker forminga av instrumenta i Noreg og Danmark gjennom komparative casestudiar innanfor og mellom land og disiplinar, basert på dokument- og intervjumateriale. Avhandlinga legg vekt på tydinga av styringstradisjonar og gradvis endring.

Overordna funn er at instrumenta blir forma av trekk ved den nordiske og nasjonale konteksten, som velferdsstatsideal om deltaking og sysselsetting og korporative tradisjonar. Vidare syner avhandlinga at instrumenta blir innførte gjennom lagleggingsprosessar ved utdanningsinstitusjonar, og at det – til trass for sterkare styring av studiar og samarbeid med arbeidslivet – også er moglegheiter for aktørar som leiarar, faglærarar og studentar til å delta i forminga av instrumenta.

Personalia

Hanne Kvilhaugsvik (f. 1989) er oppvaksen i Sandnes, og har mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet blei utført ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, der ho har vore tilsett som ph.d.-stipendiat. Hovudrettleiar for avhandlinga har vore professor Svein Michelsen. Medrettleiar har vore professor Ivar Bleiklie. Kvilhaugsvik arbeider no som postdoktor ved NORCE.