Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Betre laboratoriekvalitet i primærhelsetenesta

Tone Bukve disputerer 3.9.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "External Quality Assurance of Point-of-Care testing".

Hovedinnhold

Det vert meir og meir vanleg å utføre laboratorietestar nær pasienten, t.d. på legekontor, med bruk av små, enkle instrument. Dette gjev klare fordeler som raske svar og moglegheit for hurtig diagnostikk og behandling. Samstundes har kvaliteten på slike testar synt seg å vere varierande, noko som har ført til at alle som utfører dei er anbefalt å delta i eit kvalitetskontrollsystem. I Noreg er det Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus) som driv det nasjonale kvalitetssystemet for laboratorietestar utført i primærhelsetenesta.

Om deltaking i eit kvalitetssystem gjev betre kvalitet på laboratorietestane, kva faktorar som eventuelt bidreg, samt kor godt kontrollmaterialet som blir distribuert for å vurdere kvaliteten er, har det derimot vore lite kunnskap om. Målet med denne doktorgraden har difor vore å vurdere effekten av å delta i eit kvalitetssystem for laboratorietesting. Forskingsarbeidet, som er publisert i tre artiklar, er utført ved Noklus, der data har blitt henta frå kvalitetskontrollar utført i primærhelsetenesta i Noreg frå 1998 til 2015, og frå tre studiar utført på Noklus sitt eigeproduserte ferske kontrollmaterialet for testane C-reaktivt protein (CRP), hemoglobin (Hb) og glukose.

Artiklane konkluderer med at deltakarane i primærhelsetenesta får betre kvalitet på laboratorietestane ved å utføre kvalitetskontroll, og kva faktorar som bidreg til dette. Artiklane viser òg at det ferske kontrollmaterialet som blir distribuert for å vurdere kvaliteten på laboratorietestane er godt egna.

Avhandlinga viser at ein kan sikre riktige resultat på laboratorietestar utført med små, enkle instrument ved å delta i eit kvalitetssystem. Det vert understreka kva faktorar Noklus og deltakarane bør fokusere på for å oppnå god kvalitet. At kontrollmaterialet er ferskt pasientblod gjer at deltakarane kan få ein vurdering av kvaliteten på eigne testar i tillegg til informasjon om kva instrument dei bør velje for å oppnå best mogeleg kvalitet.

Personalia

Tone Bukve (f. 1981) er utdanna Cand.med. frå Universitetet i Bergen. Ho tok forskarlinja på medisinstudiet og har etter det vore tilsett som stipendiat ved Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus), Haraldsplass Diakonale sykehus i Bergen. Som stipendiat har ho vore tilknytt forskingsgruppa «Kunnskapsbasert bruk og nytte av laboratorieanalysar» ved Noklus. Kandidaten utgår fra Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Rettleiarar har vore Sverre Sandberg (Noklus/UiB) og Anne Stavelin (Noklus).