Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Biomarkørar ved aggressiv prostatakreft

Astrid Børretzen disputerer 22.10.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Epithelial-mesenchymal transition, angiogenesis, and molecular markers in aggressive prostate cancer".

Hovedinnhold

Prostatakreft er den vanlegaste kreftforma blant menn i Norge. Sjukdomen artar seg på ulikt vis. Mange menn får diagnostisert fredeleg prostatakreft, medan andre utviklar aggressiv, dødeleg prostatakreft. Det er behov for nye og betre biomarkørar for å føresjå utfallet av prostatakreft og for å hjelpe til når avgjersler omkring behandling og oppfølging av pasientar med prostatakreft skal takast.

I dette doktorgradsarbeidet er det undersøkt fleire ulike protein-biomarkørar ved prostatakreft. For at kreftcellene lettare skal klare å invadera omkringliggjande vev og spreie seg i kroppen, treng dei å losne frå kvarandre og verte meir rørlege. I denne studien er det undersøkt biomarkørar som avspeglar slik endring, og desse var assosiert med meir aggressive tumortrekk og dårlegare prognose blant pasientane. Dersom fleire av biomarkørane var uttrykt samstundes i kreftsvulsten hadde dette større effekt på utfallet. Vidare viste funna ein samanheng mellom auka danning av blodkar og endring til ein meir rørleg og invaderande celletype.

Nydanning av blodkar er viktig for at kreftsvulstar skal vekse og spreie seg i kroppen. I dette prosjektet vart det undersøkt aktiv karnydanning i vev frå prostatakreft. Frå tilsvarande område i svulsten vart det henta ut ulike parametrar relatert til karnydanning frå biletundersøkingar (magnettomografi, MR) av pasientane. Resultata frå vevsundersøkingane korrelerte positivt med resultata frå biletundersøkingane. Vidare var høg karnydanning, både talt i vev og estimert i biletundersøkingar, assosiert med dårlegare prognose blant pasientane.

Studien har gjeve auka kunnskap om biomarkørar ved prostatakreft og funna kan komme til nytte i framtidig vurdering og handtering av denne pasientgruppa.

Personalia

Astrid Børretzen (f. 1983) vaks opp i Etne i Sunnhordland. Ho avla embetseksamen i medisin ved Universitetet i Bergen i 2009. I 2012 byrja ho som lege i spesialisering ved Avdeling for patologi, Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet vart utført ved CCBIO, Klinisk Institutt 1 og Gades laboratorium for patologi, Universitetet i Bergen i perioden 2017-2021. Professor Ole Johan Halvorsen var hovudrettleiar. Professor Lars A. Akslen og Professor Christian Beisland var medrettleiarar.