Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Rom for samarbeid og samfunnsendring i lokal klimatilpassing

Hanna Kvamsås disputerer 20.10.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The potential for transformative adaptation".

Hovedinnhold

Stadig fleire byar og kommunar slit med samansette klimautfordringar som må løysast lokalt. Behovet for klimaomstilling, klimatilpassing og klimahandling for å kunne handtere konsekvensane av klimaendringar og tapet av biologisk mangfald har aldri vore større. Klimatilpassing dreier seg ofte om å finne tekniske og konkrete løysingar på kriser som styrtregn og flaum. Samtidig er det eit område som krev heilskapleg tenking og samarbeid på tvers av fag og sektor. Mange løysingar vil krevje store endringar i korleis vi tenker, samhandlar og korleis vi ser på verda. Eit viktig tema i avhandlinga e: kva er eigentleg heilskapleg klimatilpassing og korleis gjer vi det?

Avhandlinga ser konkret på korleis ulike aktørar i Bergen kommune og Tromsø kommune arbeider med planlegging av blå-grøn infrastruktur som del av sine lokale klimatilpassingsstrategiar. Klimatilpassing, og spesielt overvasshandtering, har dei siste tiåra vorte prega av meir heilskapleg tenking der ein jobbar for å flytte underjordisk infrastruktur i vassrøyr opp på bakken i opne løysingar med grøne element og betre plass til infiltrering og fordøying av vatn.

Blå-grøn infrastruktur i klimatilpassinga krev meir areal enn underjordiske vassrøyr og gjer at vatn og avløp som gjennom historia har vore gøymt bort under bakken vert politisert og aktualisert i klimapolitikk, arealforvaltning og byutvikling. Endringa gjer og at ein kan sjå ei utvikling av kollektive blå-grøne verdisett der heilskapleg tenking er eit ideal i lokal arealplanlegging, også blant aktørar som har overvasshandtering som fremste mål.

Denne avhandlinga sitt hovudbidrag til klimaomstilling- og klimatilpassingslitteraturen er korleis den empirisk viser potensialet for kollektiv verdiutvikling i klimatilpassingsarbeid, samt korleis somme typar fysisk urban infrastruktur kan skape rom for å implementere nye måtar å tenke og arbeide med lokal tilpassing på.

Personalia

Hanna Kvamsås (f. 1986) er utdanna samfunnsgeograf med mastergrad frå Universitetet i Oslo. Ho har vore stipendiat ved Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen, tilknytt Senter for klima og energiomstilling (CET) og SpaceLab, samt Klima, Miljø og Bærekraft ved NORCE Helse og Samfunn. Avhandlinga har vore knytt til prosjekta Hordaklim, HordaPlan og R3 ved NORCE Klima. Rettleiar er professor Håvard Haarstad og birettleiar er professor Simon Neby. Kvamsås jobbar no som forskar ved NORCE.