Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Hint til diagnosen og kliniske utfall ved Addisons sjukdom

Åse Bjorvatn Sævik disputerer 23.10.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Clues to Diagnosis and Clinical Outcomes in Autoimmune Addison’s Disease".

Hovedinnhold

Autoimmun Addisons sjukdom er kjenneteikna av mangel på dei livsviktige binyrebarkhormona. Forsinka diagnose er vanleg, men aukar risikoen for ei potensielt dødeleg binyrekrise. Trass beste tilgjengelege behandling er det stor variasjon i korleis det går med pasientane (såkalla kliniske utfall), og studiar finn varierande førekomst av binyrekriser, hjarte-kar-sjukdom og redusert livskvalitet. Kvifor det er så stor variasjon i kliniske utfall er ikkje fullt ut forstått.

Formålet med doktorgradsavhandlinga var å utforske moglege hint til tidleg diagnose og kvifor kliniske utfall varierer ved autoimmun Addisons sjukdom.

Avhandlinga viser at rutineblodprøver kan gi nyttige hint til diagnosen, særleg funn av låg natrium og auka verdi av tyreoidea-stimulerande hormon. Restproduksjon av binyrebarkhormon er vanleg, særleg blant menn, men den kliniske betydinga er usikker. Personar med autoimmun Addisons sjukdom har avvikande biomarkørar for hjarte- og karsjukdom og betennelse samanlikna med kontrollpersonar. Enkelte biomarkørar var assosiert med førekomst av binyrekriser og redusert livskvalitet. Vidare forsking kan undersøkje mogleg klinisk eller terapeutisk nytte av restfunksjon og avvikande biomarkørprofil ved autoimmun Addisons sjukdom.

Personalia

Åse Bjorvatn Sævik (f. 1993) er lege i spesialisering ved Sørlandet sykehus Arendal. Doktorgraden går ut frå Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen (UIB). Hovudrettleiar har vore førsteamanuensis Marianne Øksnes (UiB), og medrettleiarar har vore professor Eystein Husebye (UiB) og Sophie Bensing (Karolinska institutet, Stockholm).