Vegen til emosjonsarbeid: erfaringar frå pasienten sitt perspektiv
Gøril Solberg Kleiven disputerer 8.11.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Emotion-work in psychotherapy. A micro-process study from the client perspective."
Hovedinnhold
Vi veit for lite om korleis og kvifor psykoterapi verkar, altså kva endringsmekanismane i eit terapiforløp er. Dette er ei viktig problemstilling, både når det gjeld forsking, der ein treng denne kunnskapen for å kunne sette opp solide design, men spesielt i klinisk praksis, der ein må tilpasse relasjonelt arbeid og intervensjonar til personar med ulike psykiske helseutfordringar. Ein må kunne tilpasse behandlinga til kompleksiteten i pasientens behov og dei gitte rammevilkåra for behandling.
Dette doktorgradsprosjektet nyttar eit kvalitativt mikroprosess-design for å skape ny innsikt i korleis emosjonsarbeid bidreg til endringsprosessar i psykoterapi.
Studiane byggjer på intervjumetoden Interpersonal Process Recall. Elleve personar som nyleg har starta behandling ved ordinære poliklinikkar, har gitt oss tett innsyn i sitt psykoterapeutiske arbeid ved å la oss filme fleire terapitimar i kvart enkelt forløp. Rett etter timen har det blitt gjennomført djupneintervju basert på det ferske videomaterialet. Deltakarane har bidrege med detaljerte skildringar av viktige personlege prosessar.
Dei tre artiklane publisert i denne doktorgrada gjev innsikt i ulike hindringar som gjer det vanskeleg for personar å opne seg for emosjonsarbeid i terapi, kva som kan opplevast som støttande og fremjande, og korleis dei opplever endring. Funna er relevante på tvers av ulike psykiske lidingar og behandlingsformer, og har stor klinisk nytteverdi i arbeid med å nærme seg vanskelige emosjonelle tema i behandling.
Personalia
Gøril Solberg Kleiven er utdanna ved Det psykologiske fakultet, UiB og jobbar som psykologspesialist. Ho er tilknytt Institutt for klinisk psykologi og Forskarskulen i klinisk psykologi og utviklingspsykologi, UiB, og forskingsgruppa for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK) i Helse Førde. Hovudrettleiar er Christian Moltu, professor ved HVL og forskingssjef for Psykisk helsevern i Helse Førde. Medrettleiar er Aslak Hjeltnes, professor ved Institutt for klinisk psykologi, UiB.