Når får passivitet rettslege konsekvensar – og kvifor?
Maria Vea Lund disputerer fredag den 3. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Passivitet – Om binding og rettstap som ulovfesta passivitetsverknader».
Hovedinnhold
Det er ikkje tvilsamt at ein person som held seg passiv i visse situasjonar kan bli rekna for å ha gitt eit bindande løfte eller for å ha tapt ein rett som følgje av passiviteten – også der ein slik rettsverknad ikkje kan forankrast i ein lovregel. Slike passivitetsverknader er velkjente fenomen, både i næringsforhold og der partane er privatpersonar. Temmeleg ulikearta rettar kan gå tapt, under dette både pengekrav og krav på andre ytingar, eigedomsrett og bruksrettar til fast eigedom. Føresetnadene for at eit løfte skal reknast som gitt eller ein rett tapt på grunn av passivitet, har likevel vore eit til dels tåkelagt terreng. Likeins har forholdet mellom det avtalerettslege avkallet og det ulovfesta rettstapet vore diffust. Avhandlinga analyserer argumentasjonen som fører fram til kvar av desse rettsverknadene.
I avhandlinga er det framheva at når eit løfte, også eit avkall, blir rekna som gitt ved passivitet, bygger dette normalt på at løftemottakaren har hatt ei rimeleg forventning om at den passive verkeleg meinte å binde seg. I visse situasjonar kan ein passiv part likevel bli bunden, utan at forventninga om bindingsvilje inngår som ein del av grunnlaget. Løfteverknaden kviler då på argument knytt til lojalitet, aktløyse, risikoplassering og vern av innretting.
Om ulovfesta rettstap som følgje av passivitet har det vore vanleg å seie at utfallet avheng av ei konkret heilskapsvurdering. I avhandlinga er det tatt til orde for ein to-stegsmodell for vurderinga, der det første og grunnleggande spørsmålet er om rettshavaren i den konkrete saka har hatt ei rettsleg relevant oppfordring til å handle. Deretter er spørsmålet om han også har hatt den nødvendige kunnskapen. Dersom svaret er ja, går ein vidare til ei vurdering av om passiviteten har ført til rettstap. Dei nemnte spørsmåla, og komponentane i den etterfølgjande rettstapsvurderinga, er gjenstand for nærmare analyse i avhandlinga. Undersøkinga identifiserer tre sentrale argument for rettstap, gitt at vi står overfor passivitet med potensial til å føre med seg eit rettstap: (i) at ein motpart har innretta seg, utan at han i nemneverdig grad kan lastast for dette (ii) at rettshavaren har vore aktlaus og (iii) at forholda har festa seg i ein slik grad at dei ikkje bør rivast opp.
Analysane i avhandlinga tilbyr ei djupare forståing for likskapane og skilnadene mellom den avtalerettslege og den ikkje-avtalerettslege tilnærminga til situasjonar der ein part har halde seg passiv. Vidare gir ho rettleiing til dommarar, advokatar og andre som skal handtere slike saker i det praktiske rettslivet.
Personalia:
Maria Vea Lund er utdanna cand.jur. ved Universitetet i Bergen og uteksaminert i 2005. I perioden 2005 til 2008 var ho tilsett som advokatfullmektig ved Advokatfirmaet Thommessen i Bergen. Frå 2008 til i dag har ho vore tilsett ved Det juridiske fakultet ved UiB som lektor, stipendiat og forskar.